Leiarartikkelen stod på trykk i Fjordenes Tidende fredag 18. august.

Tida for satsing er heilt rett

Mellom mange dugande næringslivsleiarar på Stadlandet står Kjell Mange og Stig Ervik i ei særstilling. Frå nesten ingenting har dei bygd opp eit reiarlag som i dag er verdas største innan line. Reiarlaget har mange nye og store båtar der fasilitetane for mannskapet er omtrent som å bu på hotell når dagens arbeidsøkt er over. No satsar også ervikaren Stig Ervik på hotell i Leikanger sentrum. Ervik er hovudaksjonær i Furebuda som vert påbygd med 30 hotellrom.

Dei 12 fyrste romma skal stå ferdig allereie i haust. Prisen er 12 millionar. Seinare kjem det 18 rom til, og med ein stipulert kostnad på rundt 30 millionar kroner får Selje igjen eit velfungerande hotell. Ifølgje dagleg leiar Per Freisberg skal hotellet bli ein motor både for reise- og kulturliv på Stadlandet.

Tida for satsing er heilt rett. Ikkje minst etter den tragiske brannen på Selje Hotel er det viktig at det kjem nye tilbod og ny optimisme inn i denne næringa. Også det at leia til dei som om få år skal sigle Stad skipstunnel går like utanfor kaikanten til Furebuda bør vere ein garanti for aktivitet og suksess.

Stig Ervik har tidlegare sagt at han helsar eit nytt hotell i Selje velkomen, men at han ikkje har tid å vente på at dette kjem. Selskapa i Ervikgruppen er storbrukar av hotellovernattingar og i staden for å sende eigne folk til Nordfjordeid eller Måløy i framtida, byggjer dei sitt eige.

Stig Ervik og Per Freisberg har også planar om å utvikle nabotomta der den tidlegare verneverdige Hoddevikbuda står. Denne buda er no så forfallen at det vil vere rett av kommunen å gje løyve til riving for å la ny aktivitet og verdiskaping skje på murane av tidlegare tiders slit.