Dette innlegget er skrive av Ola Teigen (Ap), ordførar i Flora.

Politikarar med nødvendig tillit

Jacob Nødseth meiner stillinga som rådmann i Kinn kommune skal lysast ut eksternt. Dette står han sjølvsagt fritt til å meine, og han argumenterer for sitt syn i Firdaposten førre veke.

Eg ønskte som kjent ei anna løysing. Ei løysing som ville spare oss for tid og ressursar. Heller enn å bruke mykje pengar på dyre rekrutteringsbyrå og miste 6–7 månader av samanslåingsprosessen, kunne ein brukt tida på å skape ein slagkraftig kystkommune.

Fellesnemnda kunne tilsett Flora-rådmannen som prosjektrådmann i Kinn. Det er ikkje noko suspekt i det, det er faktisk heilt vanleg. I dei to kommunesamanslåingane som har gjort tilsetting så langt i Sogn og Fjordane, Selje/Eid og Volda/Hornindal, har ein begge stader tilsett ein av dei tidlegare rådmennene utan å lyse ut. Fornuftig vil mange seie. Nødseth på si side ropar i kjent stil om «eit kaldt gufs frå 1960-talet». Flåsete retorikk som ikkje bi- dreg til anna enn å skape splid og konspirasjonsteoriar.

Men Nødseth stoppar ikkje der. Han går til åtak på tilsette i kommunen. Fleire skal ha blitt tilsette utan reell konkurranse. Utvalde tilsette har ei løn dei ikkje fortener. Nødseth har nemleg høyrt at «mange har reagert», og han nølar ikkje med å bringe sladderen ut i lokalavisa.

Er du ein arbeidstakar? Tenk deg at sjefen din går ut i avisa og seier at det er gitt gunstige vilkår til tilsette på jobben din som «klart ikkje burde hatt så gode vilkår» – altså at dei ikkje er kompetente. Antydingar om at du og dine kollegaer er tilsett på grunn av venskap og ikkje kvalifikasjonar. At du tenar for mykje. Hadde det vore greitt? Korleis hadde du følt deg? Ville det ha vore god leiarskap frå din arbeidsgjevar?

Bystyret er arbeidsgjevar for over 1.100 tilsette i Flora kommune. Vi har eit ansvar som alle andre arbeidsgjevarar – å behandle tilsette med respekt. Du skal ha eit trygt og helsefremmande arbeidsmiljø om du er lærar, reinhaldar eller rådmann.

Skal Flora kommune som organisasjon yte, må tilsette og politikarar spele på lag. Særleg må vi vere medvitne om dette no i ein krevjande samanslåingsprosess. Politikarar og administrasjon skal bygge noko saman og då må det vere tillit. Det er uforståeleg dersom ein politikar i ei slik brytningstid ønskjer å feilaktig framstille kommunen vår som ein gjeng overbetalte inkompetente tilsette.

Flora kommune skal vere ein trygg, helsefremmande og meiningsfull arbeidsplass. Her er mange engasjerte og dyktige folk som kvar dag står på for lokalsamfunnet vårt. Det veit eg det er i Vågsøy kommune også. Eg gler meg til å sjå kva vi kan få til saman i fellesskap framover.