Dette innlegget er skrive av Øystein Sandøy og stod på trykk i Fjordenes Tidende 17. oktober.

Runebrev frå folkedjupet

Kristin frå Maurstad heitte ei fager kvende. Ho var ordhag og kunnig i det meste, og var mykje omtykt på heimstaden sin, Vågsøy ved Nordfjorden. Då ein hadde halde ting 2015 år etter Kvite-Krist, vart det til at Kristin skulle føra ordet. Nokre var usamde i dette, men etter at Kristin og flokken hennar hadde blanda blod med ymse andre flokkar på Vågsøy-tinget, så let motmennene vera å reisa nidstong mot dei, sjølv om ordskiftet av og til kunne vera både hardt og kvasst. Særleg var ein usamd om kor mange jordholer ein trengde til å bera fram kunnskap om runesetjing, sogeskrifter, landkunne, og sed og skikk.

Kristin, og elles mange andre på Vågsøy-tinget meinte at ein rådde over for lite land. Tankar vart borne fram om ein kunne ha sams tingsete med Sunniva-landet i nord, og med eidingane som budde litt lenger inne i fjorden. Men her førte den snøggtenkte Bjør-Alfred ordet.

Det vart ofte sagt at Bjør-lo sist og best. Mange meinte at sjølv om han var både kunnig, og kjende mange gjæve menn og kvender på Mykletinget, så var han lite viljug til å dela rettvist med grannane sine. Etter mykje ordskifte, og mange runebrev fram og attende, så synte det seg at Vågsøy-vikingane, Sunnivafolket og eidingane ikkje kunne einast om kor mykje blod som kunne blandast mellom dei. Vågsøy-vikingane fekk bod frå dei andre to at dei kunne reisa dit det veks kostesamt krydder.

Kristin og frendane hennar tykte ille om dette. Landet ein rådde over var framleis for lite, og dei fann at det rettaste kunne vera å reisa på vitjing til grannane i sud, Bremang-vikingane og Florøyfolket. Kunne ein bli samde om å gjera landet sams, så ville ein rå over mange fleire lune vikar som kunne vera hamn for knarrane og langskipa deira. Ein kunne og få mykje meir sylv i hende dersom ein var eitt land i staden for tre.

Men slik skulle det ikkje gå. Bremang-vikingane var einvise, og meinte at sverda deira var kvasse nok til at dei kunne klara seg i striden åleine. Dei rådde òg over mykje vatn som rann ned frå fjellsidene, og dette sytte for godt med sylv som dei var lite hugne på å dela med andre. Fremste skalden deira heitte Audun frå Røys. Han kvad:

Vesal mann er mann som meinar

mangt om det å vera mange.

Mindre blir av mat i munn

med mange fleir kring middagsbordet.

Hjå Florøyfolket førde Teig-Ola ordet. Han og Kristin var frendar, og meinte likt om mangt og mykje. Dei høyrde båe til flokken til Støre-Jonas på Mykletinget, og fann at det måtte kunne la seg gjera å blande blod med kvarandre, sjølv om Bremang-vikingane sto mellom dei. Dei spurde då folka sine kva dei meinte om dette, men folka var såpass usamde at Kristin og Teig-Ola tykte det rettaste var å berre venda blind-auget til. Dette førde til mykje kvasst ordskifte. Kristin hadde ein mann sitjande ved sida si som kunne føra ordet dersom ho var på vitjing andre stader. Nils frå Barmen heitte han. Han, og mange fleire vart særs ille ved av di Teig-Ola og Kristin ville sameine land som ikkje ein gong hang i hop. Dei var òg tvilsame til om det vart meir sylv til folket om landet vart større. Mykje runer om dette har vore rita i bodstikkene, og ordskiftet går framleis hardbeitt. Sogeskrivaren vonar at ein tenkjer seg vel om fleire gonger, og at Kristin, Bjør-Alfred og Sunniva-skalden Stein Robertson frå Osdal kan talast ved utan hemnfuse tankar.

Sverdlause hender må strekkjast ut til Bremang-vikingane. Langskipet har enno ikkje lagt frå land, og ein må kunne talast som frendar om kva lei som lettast fører til meir sylv og hærfang for alle.

Ein må venda det andre Kinn til.