Denne leiarartikkelen stod på trykk i Fjordenes Tidende tysdag 17. oktober.

Det er viktig å halde trykket oppe på skipstunnelen

På tampen av valkampen så vart Stad skipstunnel tema etter at dåverande stortingsrepresentant for Venstre, eidaren Sveinung Rotevatn, etterlyste fortgang i dette unike prosjektet. Det er nok mange som meiner det går svært så seint med å få bygd verdas første tunnel for skip.

Rotevatn fekk raskt svar frå eit av dei to regjeringspartia. Morten Stordalen, som var i transportkomiteen frå Framstegspartiet, kunne opplyse at dei har bestilt både den siste kvalitetssikringa for samferdselsprosjektet og at dei har plukka ut konsulentar til oppdraget. Han opplyste vidare at oppstartsmøte for den siste kvalitetssikringa av prosjektet var sett til 26. september. Stordalen var klokkeklar på at Stad skipstunnel skal byggast. Einaste Stordalen sådde tvil om då var om det skulle komme eit regjeringsskifte. Men når ein no ser resultatet av valet er det mykje som tyder på at dette viktige prosjektet blir gjennomført. Og skulle det bli regjeringsskifte i perioden med det politiske landskapet landet har, så har opposisjonspartia vore tydelege på at dette prosjektet skal realiserast. Og seinast i trontaledebatten var samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) krystallklår på at prosjekta i Norsk Transportplan skal realiserast.

Stad skipstunnel er eit viktig prosjekt som kan gje mange positive ringverknader og som kan opne mange nye moglegheiter på kysten. Sjølv om Nordfjord ikkje har nokon i Stortinget no, så må det øvast press i alle parti slik at anlegget kjem i gang uavhengig av korleis det politiske landskapet blir framover. Ein må også sikre at det er lokal gruppering som jobbar for dette også etter at Nordfjord Vekst blir avvikla. Dei har som kjent spelt ei viktig rolle i tunelarbeidet.