Denne leiarartikkelen stod på trykk i Fjordenes Tidende tysdag 21. november.

Mykje tydar på at folkeviljen på Bryggja vil sigre

Vel ei veke etter at fleirtalet av politikarane i Vågsøy bestemde at det ikkje skal vere barneskule på Bryggja, så kom Fylkesmannen i Sogn og Fjordane med si tilråding om grensejustering. Fylkesmannen går inn for at Bryggja, Maurstad og Totland blir ein del av nye Stad kommune. Dermed er det mykje som tyder på at det blir slik når statsråden skal ta si endelege avgjerd.

Fylkesmannen har lagt vekt på at ei grensejustering vil lage ein funksjonell og samanhengande Stad kommune, og at det vil vere i tråd med den klare folkeviljen blant innbyggjarane i denne delen av Vågsøy kommune. Fylkesmannen har ikkje teke omsyn til fleirtalet av politikarane i Vågsøy som ville ha med Bryggja-området inn i nye Kinn. Dette betyr i så fall at dei rundt 550 innbyggjarane dette gjeld, vil bli ein del av den største kommunen i Nordfjord. Så er spørsmålet kva som vil skje med skulen på Bryggja. Både Vågsøy, Selje og Eid har svært trong økonomi, og det er neppe fleirtal for å halde liv i skulen i bygda. Og det blir ikkje så lett å starte den opp igjen etter grensejusteringa i 2020.

Blir det grensejustering så vil det bety at fleire av politikarane i Vågsøy er på veg ut av kommunen og nye Kinn siste del av kommunestyreperioden fram til 2020. Dette blir veldig spesielt for ordførar Kristin Maurstad om ho framleis skal bu på Bryggja. Ho har vore ein av dei sterkaste pådrivarane til at Vågsøy skal slå seg saman Flora kommune. Ho er også leiar i fellesnemnda som skal forme ut den nye kommunen saman med Flora. Og dersom ho skal til Stad kommune etter 2020, så blir det rart å byggje den nye kommunen på kysten som ho ikkje lengre skal vere ein del av. Denne problemstillinga bør ordføraren og Vågsøy-politikarane ta ei runde på.