Dette innlegget er skrive av Ingrid Heggø og Kristin Maurstad frå Sogn og Fjordane Arbeidarparti.

Regjeringa prioriterer ikkje kommunane

I desse dagar sit kommunepolitikarar over heile landet og jobbar med kommunebudsjetta. Det er ikkje enkelt å få endane til å møtast. Samtidig er det forhandlingar i Stortinget om regjeringa sitt budsjett. Eit budsjett som får store konsekvensar for kommunebudsjetta.

Både kommunebudsjett og statsbudsjett handlar om å prioritere. Regjeringa prioriterer skattekutt til dei rikaste. Kvar gong. Arbeidarpartiet prioriterer annleis. Vi vil løyse dei store oppgåvene. Arbeidarpartiet har høge ambisjonar for betre kvalitet i velferd, omsorg og skule i kommunesektoren. Derfor prioriterte vi kvart einaste år i førre stortingsperiode meir pengar til kommunesektoren enn regjeringa og stortingsfleirtalet.

I Arbeidarpartiet sitt alternative budsjett har vi teke dei store oppgåvene i kommunesektoren på alvor. Vi har funne to milliardar meir til kommunane og ein milliard meir til fylkeskommunane. Med dette følgjer vi opp løfta frå valkampen om å betre tenestene til innbyggjarane, som t.d. betre eldreomsorg og betre skule.

Kommunane i vår region hadde fått vesentleg meir å rutte med dersom Arbeidarpartiet sitt budsjett vart vedteke. For Vågsøy ville det ha gitt nær 2,5 millionar ekstra. For Selje 1,2. Eid 2,4. Bremanger 1,8. Flora 4,7. Dette er mykje pengar. Spesielt ser vi eit stort behov for å auke ressursane til eldreomsorg i kommunane. Det kunne vi ha brukt desse midlane til.

Fylkeskommunen ville ha blitt styrka med nesten 73 millionar kroner. 73 millionar til å utvikle og forbetre vidaregåande utdanning, samferdsle og tannhelseteneste. Det er pengar som betyr noko. I tillegg vil Arbeidarpartiet legge til rette for å skape fleire arbeidsplassar gjennom å styrke dei regionale utviklingsmidlane.

Vi har fått svaret på kven regjeringa prioriterer i sitt budsjett. Og det er ikkje oss i kommunane.