Innlegget er skrive av Yngve Flo, opphavleg frå Bryggja, no busett i Bergen.

Statsrådsappell mot betre vitande

Er det berre å rette opp handa, så får ein grensejustering, spør ordførarane i Vågsøy og Flora i Kommunal Rapport 17/11. Spørsmålet til statsråd Sanner vert stilt mot betre vitande, og bør ikkje vere eigna til å ta frå norske kommunefolk nattesøvnen.

Det er gått ni månader sidan Bryggja utviklingslag tok initiativ til grensejustering for Bryggja, og det kan no ikkje vere lenge før avgjerda fell. Skal bygda høyre til framtidige Kinn eller framtidige Stad kommune? Dommen frå bygdefolket sjølv er overveldande: Eit massivt fleirtal ynskjer seg til Stad. Fylkesmannen konkluderer sameleis i si faglege tilråding; bygdefolket bør få viljen sin. Og no ligg saka på bordet til Jan Tore Sanner. Å døme etter dei meldingar eg får heimanfrå, er det mange av sambygdingane mine som søv dårleg for tida. Får dei julegåva dei lengtar så intenst etter av statsråden?

Det er ei kjend sak at grensejusteringssaka har utløyst sterk motvilje blant leiarskapen i Vågsøy kommune. Motstrategien har hatt fleire element, men ein av dei viktigaste grepa har vore å klistre innbyggjarinitiativet frå Bryggja så eintydig som råd til skulesaka, naturlegvis ut frå ei von om å få initiativet avvist av «tekniske» årsaker. Frå statleg hald er det nemleg slått fast at skulenedlegging åleine ikkje gjev grunnlag for grensejustering. Dette er også den viktigaste premissen i Kommunal Rapport-innlegget frå Kristin Maurstad og Ola Teigen, der det freidig vert slått fast at Bryggja vil byte kommune «grunna vedtak om skulenedlegging».

Både Maurstad og Teigen er oppegåande folk, og veit naturlegvis at biletet er langt meir samansett enn som så.

Dei siste månadene har eg hatt gleda av å bli kontakta av mange av sambygdingane mine som vil snakke om grensejusteringa. Engasjementet er stort. Påfallande nok er det relativt få som snakkar om skulen i denne samanheng, og om nokon har ytra eit vondt ord om kommunereforma, så handlar det ikkje om «Sanners reform», men om vegvala deira eigne lokalpolitikarar har gjort. Det er det allmenne, lokale biletet som er interessant: Det handlar om utsiktene Bryggja har til å verte midtpunktet i ein geografisk samanhengande kommune, der dei aller fleste innbyggjarane bur innanfor eit område som ein når på ein dryg halvtimes køyretur–og om frykta for at Bryggja skal verte ei evig bakevje i den geografisk splitta Kinn kommune, der 2/3 av innbyggjarane bur minst to timars reise vekke. Spørsmålet vert oppfatta som heilt eksistensielt; som heilt avgjerande for framtida til bygda–og går langt ut over spørsmålet om ein skule.

Freistnaden på å stemple grensejusteringssaka på Bryggja som uttrykk for politisk omkamp i skulesaka, har allereie feila. Det var nemleg Kommunal- og moderniseringsdepartementet som i juni gav grønt lys for å bruke tid og ressursar på å greie ut saka. Det hadde naturlegvis aldri skjedd om Sanners departement ikkje vurderte at det kunne vere eit sakleg grunnlag for justeringa. Dette vert då òg poengtert av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, som i tilrådinga si frå fredag 17. oktober gjev tydeleg uttrykk for at påstanden om at det er skulestriden som ligg i botnen vart vurdert – men forkasta. Søknaden frå Bryggja har brei oppslutnad, og inneheldt fleire saklege og vesentlege argument, og Fylkesmannen konkluderte på dette grunnlaget med at «det formelle grunnlaget for prosessen er i orden».

Så dei ordførarar som måtte frykte ei framtidig balkanisering av Kommune-Noreg, kan sove godt om natta: Det er ingen grunn til å tru at det har skjedd noko politisk lineskifte i KMD. Det skal framleis vere slik at politisk misnøye ikkje åleine gjev grunnlag for grensejustering. Derimot skal det vere grunnlag for grensejustering når eit klårt fleirtal av folket ynskjer det, og justeringa elles er fagleg og sakleg forsvarleg – slik inndelingslova legg til grunn.

Kommunereforma har i hovudsak handla om samanslåing av heile kommunar, og at det i etterkant ville melde seg behov for ei rekkje «finjusteringar», var forventa av styresmaktene.

Ei overføring av Bryggja til Stad kommune vil gje ein funksjonell og samanhengande Stad kommune, det er i tråd med den klåre folkeviljen til innbyggjarane, og dei økonomiske ulempene for Vågsøy/Kinn er relativt små og handterlege, heiter det frå Fylkesmannen. Alt tilseier at Sanner vil ta det klåre faglege rådet han har fått på høgste alvor – men at han derimot vil ta lett på det polemiske åtaket frå ordførarane i Vågsøy og Flora. Grønt lys til Bryggja inneber ikkje noko frislepp i grensejusteringssaker.