Dette innlegget er skrive av Torfinn Kråkenes og stod på trykk i Fjordenes Tidende 1. desember.

Kva skal Vågsøy i Kinn?

Det er mange spørsmål» som dukkar opp, med tanke på at vi (vågsøyværingar) i framtida skal administrerast fra Flora.

Eller har eg misforstått? Var det heller snakk om «ein kommune, to senter og to administrasjonar»? Eller skal dette berre gjelde i ein overgang, til noverande administrasjon i Vågsøy «avgår naturleg»?

Om denne, etter mitt syn, ulukka av eit «tvangsekteskap» vert fullbyrda, er det nok heller ikkje langt fram i tid før bremangarane vert tvinga inn i same forholdet.  Bremanger vil naturlegvis også gjere krav på å få beholde sitt «senter»,  også det med «administrative funksjonar».

Er vi då der at vi i framtida vil vere «ein kommune», men no, tre administrasjonar? Var det  ikkje slik at ein vektig grunn, og eit av formåla med denne kommunereforma, var at ein skulle spare pengar på å få redusert kommunale administrasjonar  og byråkrati?  Eller har eg misoppfatta det også?

No ser eg også at vågsøypolitikarane sit og vrir  sine små grå angåande korleis dei skal klare å få beholde mest mogleg av noverande administrative funksjonar i Vågsøy i det framtidige »ekteskapet» med Flora.

Denne problematikken bekymrar neppe  florapolitikarane seg for. Dei trøstar seg nok til  at heile kinnadministrasjonen hamnar i Flora til slutt  likevel.

Tyngdekrafta, «kjøtvekta» i dette tilfellet, har ei eiga evne til å falle  mot sentrum.

Så er det dette med kommunevalg. Ei stemme, er vel ei stemme, uansett om den kjem fra Flora eller Vågsøy.  Alle likar sine eigne best, ei udiskutabel naturlov.  Og vi veit kor folkefleirtalet ligg. Vert det då snakk om «kvotering» av vågsøyværingar, («nordkinnarar») inn i Kinn kommunestyre?

Eg har ved fleire høve etterlyst  hos ihuga «Kinnarar» kva for positive verknader denne samanslåinga med Flora vil få for Vågsøy, som vi ikkje vil oppnå åleine, eller feks. med Selje/Eid?  Men så langt har ingen evna å bidra med matnyttige svar, for min del.

Truleg må Vågsøy, enda sterkare enn før, klare seg sjølve den dagen vi har overlete styringa  til Flora. Floraværingar forblir  floraværingar, og vågsøyværingar forblir vågsøyværingar. Ingenting vil endre på det. Det er også såpass unaturlege og ulogiske avstandar mellom oss at dette neppe «går seg til» etter eit par generasjonar.

Flora og Vågsøy kjem til å verte sittande og kjempe, kvar for seg, for «seg og sitt» i uoverskueleg framtid, uavhengig av ein kommune. Kva for ein politikar i Vågsøy ynskjer nyetablerte arbeidsplassar,  eksempelvis i offentleg regi, til Flora,  istaden for Vågsøy, og omvendt?

Vågsøy vil nok verte ein evig utkant overfor Flora. Når det gjeld Selje/Eid, ligg det vel litt i korta kven som også vil verte «utkanten» i det forholdet.

Dersom Selje og Vågsøy, med den nærleiken vi har til kvarandre, og mange felles interesser  og kort reiseavstand, hadde samla seg og søkt seg til Eid, ville nok Selje hatt ei langt større gjennomslagskraft overfor Eid, enn dei har åleine. Same fortrinnet ville også Vågsøy hatt, med støtte fra Selje, overfor Eid. Då ville vi hatt tre likeverdige partar, kort reiseavstand,  felles arbeidsmarknad, overkommeleg arbeidspendling og samhandel – som vi naturleg har idag.

Etter mitt syn er «Kinnprosjektet» dumt, ulogisk og på alle måtar naturstridig.  I staden for gode løysingar for Vågsøy,  i nært samarbeid med Eid og Selje, (og gjerne Bremanger), som burde falle naturleg, kastar vi bort mykje tid på meiningslause møte og forhandlingar med ein part vi truleg uansett kjem til å måtte  «gje tapt for» i kampen for vekst og utvikling i framtid. (Tvilar litt på på om florapolitikarar vil bidra til at Vågsøy får vekst og utvikling på bekostning av seg sjølv, og vice versa). Motsei meg gjerne på den.

No står vi  åleine mot  Flora, utan felles arbeidsmarknad, utan noko som helst av naturleg samkvem, utan felles grenser. Ulogiske og unaturleg avstandar  begrensar dette.  Kven reiser fra Vågsøy til Flora for å handle og omvendt?  Kor mange dagpendlar  til og fra Flora/Vågsøy i jobbsamanheng? Vil det i så fall vere ein ynskjeleg situasjon for nokon som helst?

I FjT 24/11 seier ordføraren i Flora, Ola Teigen, at det er for store avstandar mellom Flora og Måløy til at folk skal pendle.

Etter mitt syn er det trist at gode, fornuftige og framtidsretta  løysingar skal strande og verte erstatta av dårlege, dumme  og lite framtidsretta løysingar for generasjonar.  Og det tilsynelatande grunna  den  «personlege kjemien» mellom noverande  ordførarar/rådmenn over kommunegrensene.