Dette innlegget er skrive av Oddvar Isene.

Kystveg for framtida?

Har "Kystvegen" køyrt seg fast, både over Terøya, Helgøya og Ålesundet? Fylkespolitikarar og andre har snakka høgt om denne vegen i mange år - så lenge det berre var ein "langtidsplan", inn i framtida ein gong. No, når det er snakk om konkret handling og prioritering, både i transportplanar og budsjett, dett dei av, flokk etter flokk, parti etter parti.

Er det "omvegen" over Terøya som no har skapt uro mellom grannane i Sunnfjord og Nordfjord? Indre strid er som kjent ikkje bra når ein vil få noko gjort. "Splitt og hersk" er eit urgamalt ordtak. Men kva er eigentleg perspektivet? Kva er realitetane - og kva er den politiske agendaen?

Nye "Kinn kommune" - Tyngdepunkt "Nordvest", der velstand blir skapt for både kystfolk og fjordingar:

Den nye konstruksjonen "Kinn kommune" får motbør frå fleire kantar, både innafrå og utafrå. Men fleirtalet av politikarane i både Vågsøy og Flora har sett poenget. Dei legg til grunn det som kan bli styrken både lokalt på kysten og for ein større regionen - tyngdepunktet "Nordvest". Dessverre vil ikkje Bremanger bli med, førebels - av uforståelege grunnar. Difor kan den nye Kinn kommune bli både eit særtilfelle og ein attraksjon i norsk kommunelandskap. Men perspektivet og målsettinga er klar.  Både Måløy og Florø har alltid vendt seg mot havet og alltid hausta av havet, og gjennom tidene skapt dei store verdiane for fylket og regionen, gjennom fisk, sild, skipsbygging og olje. Her bur det også mange gründerar som ser lenger enn dagen i dag. Begge byane ligg på enden av "blindvegar" mot havet. Dei er ikkje berre vegkryss du skal gjennom på veg til noko anna. Men her ligg industri og hamnar, som treng transportvegar både mot aust, sør og nord. Det er snakk om store godsmengder der mykje av det ikkje treng omvegen om Førde eller Nordfjordeid/Stryn for å kome inn på E 39. Det er snakk om ein felles bu- og arbeidsmarknad for godt over ein fjerdepart av dei som bur i fylket. Mange skal dagleg pendle, og treng kortaste vegen.

Nokre tips til dei som skal planlegge og vedta framtida (politikarane): Ikkje bygg vidare på gamle "sanningar". Start med seriøse og upartiske saksutgreiingar, der m.a. statistikk og matematikk kan fortelje litt om realitetane. Kanskje ikkje realitetane er slik ein synsar seg til i aust og vest? - Det er store investeringar som skal gjerast for framtida. Krev derfor eit skikkeleg grunnlag for vedtak!

Alternativet Terøya:

To alternativ for kystvegen ved Florø ser ut til å feste seg - og frontane er skarpe, utan kompromiss. Dette minner litt om ein vond historisk tradisjon. Men kan der finnast kompromiss? Slik alternativa er teikna no (Firdaposten 28. november), blir det ein omveg for alle, uansett kva alternativ ein vel. Kvifor bygge ein 8,6 km tunnel som endar høgt oppe i Mykjebustdalen, når ein kan bygge omlag like kort tunnel direkte frå Terdalsdalen til rett sør for Indrehus? Vegen i dagen vil truleg bli kortare. Og kvifor vil ein i Grov-alternativet, bygge ein 6,9 km tunnel frå Haukå til høgt oppe i Myklebustdalen, når ein kan bygge 1 km kortare flat tunnel, frå Haukå til Sætervollane (dalen) sør for Indrehusvatnet? Vegen i dagen vil også her bli kortare.

Utan å gå meir i detalj på dette, så vil veglengda mellom dei to alternativa ikkje skilje mange kilometerane, særleg om ein ser heile Kystvegen i samanheng, og der den skal krysse Eikefjorden. Blir kryssinga over Helgøya, vest for Sundafjelltunnelen, så er Grov-alternativet enda mindre aktuelt.

Spørsmålet er eigentleg enkelt: Kvar vil den største trafikken gå? Pendling til jobb har auka på dei siste åra, og vil ikkje minke, særleg når tyngdepunktet "Nordvest" blir ein felles bu og arbeidsmarknad. Aksen Florø-Svelgen, blir svært sentral, uansett kvar ein vil ende opp vidare i Nordfjord. Det vil truleg bli langt mindre trafikk Førde-Svelgen. Men dette er analyser som bør gjerast på ein grundig og seriøs måte.

Sluttsum for byggekostnader til dei to alternativa vil over tid kanskje heller ikkje bli så ulike, heilt avhengig av brukonstruksjonane i Terøy-alternativet - her kan det brukast mykje tunnelmasse til fylling i sjøen. I Grov-alternativet vil ei ny bru over Nordalsfjorden og tunnel til Haukåvatnet også bli ei kostbar affære.

Men Terøy-alternativet har fleire andre positive sider. Florø vil få utløyst store nye attraktive bustadområde både på Terøya og i Terdalsdalen, føresett at vegen blir lagt austover frå brufestet til Terdalen, med tunnel frå Terdalsdalen. Vegsamband til Årebrot og vidare til Botnane, vil osåg lett late seg realisere.

Ein del av dette bildet kan også vere ein sambandsveg på ca. 4 km inkl. ein tunnel på ca. 200 meter mellom Haukå og Terdalsdalen, som kan binde saman dei to alternativa. Dette kan også gjere annlegsgdrifta enklare, og drifting av ny tunnel som avløyser Magnhildskaret kan starte tidlegare.