Kva skal Vågsøy i Kinn, spør Frank Husevåg i dette innlegget. Bildet er frå Refvik og Refviksanden og er teke av Iver Heen Ask i samband med at han laga filmen Prosjekt Nordfjord, der han var innom alle kommunane i Nordfjord og tok over 200.000 bilde til saman. Foto: Iver Heen Ask

Kva skal Vågsøy i Kinn, spør Frank Husevåg i dette innlegget. Bildet er frå Refvik og Refviksanden og er teke av Iver Heen Ask i samband med at han laga filmen Prosjekt Nordfjord, der han var innom alle kommunane i Nordfjord og tok over 200.000 bilde til saman. Foto: Iver Heen Ask

Lesarinnlegg:

Kva skal Vågsøy i Kinn? 2. episode i Kinn-spelet

Dette innlegget er skrive av Frank Husevåg frå Deknepollen i Vågsøy.

Kva skal Vågsøy i Kinn? 2. episode i Kinn-spelet

Torfinn Kråkenes stiller gode spørsmål i sitt innlegg i Fjordenes Tidende og Firdaposten – det stadfestar ordførar i Flora, Ola Teigen.


Svara og bortforklaringane til Ola Teigen vitnar derimot om at han ikkje heilt har skjønt kva oppgåver ein ordførar bør legge mest vekt på. Hovudtyngda av arbeidet til ein ordførar bør vere å ta vare på dei tilsette i kommunen og sørgje for at dei har gode arbeidsvilkår samt å sørgje for gode tenester til innbyggarane i kommunen sin. 80-90 prosent av budsjetta i kommunane gjeld dei lovpålagde tenestene innan helse/omsorg og oppvekst/skule. I tillegg er det å legge til rette for næringslivet ei viktig oppgåve, men den kjem i andre rekke.

Viss vi rygger litt tilbake til start – så stranda Flora si samanslåing med storebror Førde, endå ein der i lang tid har hatt «raske kommunikasjonsliner» på plass, som Ola Teigen no snakkar varmt om…


Førde og Flora har allereie ein akseptabel pendlaravstand. Flora vil uansett fortsette å ha denne greina ut frå sin kommune mot Førde. Kommunesamanslåinga stranda fordi Flora ikkje ønskte å verte ein lillebror til Førde. Dei var redde for «kjøtvekta» som Torfinn Kråkenes nemner i høve Flora/Vågsøy.

I desse dagar jobbar Flora intenst for å sikre seg ei ny grein – gjennom ny veg via Terøya som del av ein kystveg. No fortel ordføraren at han også jobbar med eit prosjekt for miljøvenleg hurtigbåtsystem mellom Florø og Måløy.

Utviklinga av miljøvenlege båtar/skip skjer nok heilt uavhengig av om ordføraren i Flora engasjerer seg, og takk og lov for det! Teigen får det til å høyrast ut som at ting no skjer fordi dei skal slå i hop to kommunar som ligg alt for langt frå kvarandre.

Lokalt næringsliv i begge kommunane har alle muligheiter opne, ingen kommunegrenser hindrar dei i å satse og dette har ingenting med ei kommunesamanslåing å gjere. For næringslivet handlar det berre om MAKT. Det har aktørar i næringslivet sjølve sagt rett ut. På det punktet har næringslivet vore ærlege og sagt det som det er – det er MAKT ein er på jakt etter. Då bør folket kunne forlange det same frå sine to Ap-ordførarar, nemlig at dei er ærlege!

For om ein er ærleg så må ein innsjå;

– at eit folk som ikkje vart høyrde ikkje vil ha nokon motivasjon til å involvere seg i ein prosess for noko dei er sterkt i mot. Dette gjeld både i Flora og Vågsøy

– at ein ikkje sparar noko ved denne kommunesamanslåinga når «alt skal vere som før»

– at ein Kystveg i dag berre er planar som ligg veldig langt fram i tid, og som ein ikkje kan ta inn som eit argument for den grenselause koplinga av Flora og Vågsøy. Nordfjorden, Frøysjøen og Bremanger kommune ligg der mellom oss og skil dei to kommunane

– at Kinn er eit sjansespel som kan skape mykje strid mellom nord og sør grunna avstandane

– at Flora har mest/alt å vinne i denne saka

– at folket i Flora ikkje bryr seg om kva vi i Vågsøy styrer med eller meiner. Det ser ein etter innlegget til Torfinn Kråkenes som først stod i FjT og deretter i Firdaposten. Ingen motdebattantar melde seg på i Flora. Dei innsåg nok at Kråkenes hadde heilt rett. Hadde Floraværingane hatt noko å tape i denne saka, så ville dei hive seg på debatten. No vart det heilt stilt. Merkeleg…? Han traff nok godt.

– at når over 900 personar i Vågsøy i dag skriv seg på liste med fullt namn, for å krevje omkamp og ei folkeavrøysting om Kinn, så er det eit alvorleg opprør som er i gong

– at ein som innbyggar i Vågsøy tek stor risiko for personleg økonomisk tap med dette «Kinn-prosjektet». Utviklinga av verdien på bustadar i ein «utkant til Flora» vil vere lågare enn for dei som har eller vil investere i ein bustad i området kring Florø. Tendensen er der allereie (sjekk på finn.no) og vil kunne bli forsterka med ytterlegare vekst i Flora og ytterlegare nedgang/fråflytting i Vågsøy

– at det ikkje er lett å forstå kvifor dei to Ap-ordførarane jobbar så ivrig for noko som berre ser ut til å skulle gagne næringslivet

– at noko skurrar når begge kommunar slit økonomisk og likevel innstiller rådmannen i Flora på investeringar på over 1 milliard kroner dei neste fire åra, mens rådmannen i Vågsøy seier vi er på «kanten av stupet økonomisk» og i år måtte betale meir i avdrag på lånegjelda enn budsjettert. Likevel meiner rådmannen i Vågsøy at vi er nøydde å slå oss i hop med nokon. Eg er ikkje økonom, men dette her heng ikkje på greip.

– at noko skurrar når Flora-ordføraren i TV-sendt bystyre seier at «dei har vore rause nok med Vågsøy» og ikkje ville ha eit delt kommunesenter. Det var jo dette med delt kommunesenter, eit forslag slengt ut i siste liten, som til slutt gjorde at Vågsøy Ap og Høgre fikk «overtydd» nok av sine medlemmar i kommunestyret til å gå for ei samanslåing med Flora.

– at hadde ein snakka om delt kommunesenter i samtalane Vågsøy hadde med Selje og Eid, så hadde resultatet vorte heilt annleis.

– at når dei einaste fornuftige samanslåingsplanane stranda, så kom frykta for å bli tvungen i lag med Eid og Selje, og dermed dette merkelege forslaget som vi no slit med.

Meir å lese på Fjordenes Tidende:
 
Leses nå