Dette innlegget er skrive av styret i Stadlandet IL og stod på trykk i Fjordenes Tidende fredag 8. desember.

Svar til Adrian Mortensen

Styret i Stadlandet IL har vurdert å ikkje svare på lesarinnlegget til Adrian J. Mortensen, som har vore publisert på Fjordenes Tidende si nettavis og i papiravisa 1. desember 2017. Styret har likevel kome fram til at dette er såpass drygt at det MÅ svarast på. «Stadlandet må kome ut av sandkassa» skriv Mortensen. Når det gjeld å bruke metaforen sandkasse på folk frå Stadlandet, så er det direkte moro. Stadsarar er kjent for å vere modige, initiativrike og ha eit sterkt samhald. Folk her ute driv med alt anna enn å sitte i sandkassa og sile sand. Vi har eit sterkt og allsidig næringsliv og har eit stort mangfald når det gjeld lag og organisasjonar. Vi har faktisk ikkje tid til å sitte i sandkassa.

Mortensen skriv vidare at Stadlandet er i mot alt som skjer «sør for fjellet». Kvar har du dette ifrå Mortensen? For nokre år sidan prøvde Stadlandet IL å få elevar ved Selje skule til å få interesse for handball, for å sjå om vi kunne etablere eit nytt idrettstilbod i Selje. Det var fleire elevar som viste interesse for sporten, men ingen av dei føresette melde på borna. Det var synd då Stadlandet, Åheim og Selje kunne ha etablert felles aldersbestemte handballag.

I lesarbrevet til Mortensen blir Stadlandet skulda for å vere uansvarlege og ikkje ta ansvar for born og unge i kommunen. Tvert imot Mortensen. Stadlandet IL tok ansvar for at ungdomen skulle få idrettshall allereie i 1996. For over 20 år sidan tok næringsliv på Stadt og Stadlandet IL eit standpunkt om å bidra med eit stort økonomisk tilskott og med stor dugnadsinnsats for å etablere Olivinhallen på Åheim. Ein flott hall vi alle har hatt stor glede av i åra sidan. Stadsarane sat ikkje i sandkassa for 20 år sidan heller! Det høyrer med til historia at verken Selje kommune eller andre idrettslag frå kommunen, ville vere med å realisere Olivinhallen. I 2008 bygde Stadlandet IL i samarbeid med lokalt næringsliv Stadlandet stadion også då tok idrettslaget ansvar for ungdom. Eit prosjekt aleine til nær 4 millionar utan kommunal økonomisk støtte.

Når det gjeld møter og saker i Selje idrettsråd der Stadlandet IL har vist aversjon som du skriv, så lurer vi på kva du siktar til? Protokollane for idrettsrådet viser at dei aller fleste sakene er samrøystes. At ulike idrettslag har ulike kandidatar til idrettspris og tilsvarande er heilt naturleg. Ikkje kan nokon av våre representantar huske at vi har vist aversjon og gått imot noko som verken Selje IL eller Flatraket IL har hatt planar om. Når det gjeld bygging av fleirbrukshall i Selje viser vi igjen til det store etterslepet på kommunalt vedlikehald. vi kan ikkje skape eit behov for hall som vi ikkje har. Kommunale midlar må nyttast der folk bur for å ruste opp nærmiljøet.

Stadlandet IL gjer akkurat det same som andre idrettslag gjer, nemleg å sjå kva behov ein har for utvikling i sitt nærmiljø. At det skal bli gjenstand for avisskriveri er greitt nok, men at vi skal bli skulda for å ikkje ta ansvar det finn vi oss ikkje i.