Dette innlegget er skrive av Per Gunnar Stensvaag.

Reformfatalismen

Regjeringa driv gjennom reformer i eit svimlande tempo og antal. Det har ført til Stortingsvedtak som beviseleg er fatta på feil grunnlag. Dei som med god grunn krevjer gjenopptaking, risikerer likevel å verta stempla som sidrumpa bakstrevarar. Slikt er ikkje ein rettsstat verdig. Etter all overkjøyring av folkeviljen breier det seg óg resignasjon. «Ja, ja, utviklinga går vel den vegen». Er vi vorten ein nasjon av reformfatalistar?

Jan Tore Sanner påstår at Trygve Slagsvold Vedum lyt få kink i nakken av å sjå seg så mykje attende, men det er ikkje berre i region- og kommunereformene dei «framoverlente» nyttar retorikk kor «reversering» er vorten eit skjellsord. Heilt openbare sakshandsamingsfeil, utilbørlege prosessar, tvilsame reknestykke og rein desinformasjon vert freista feid under teppet med det same mantra: «No lyt vi sjå framover!»

Milliardsprekkar har vi sett før når Forsvaret er på flyttefot. Med nedlegginga av Andøya flystasjon ligg det an til ny rekord. På det udiskutabelt mest naturlege utgangspunktet for maritim overvaking er alle fasilitetar og infrastruktur på plass samt rikeleg med areal for eventuelle utvidingar. Gjennom 60 år har dei der bygd opp eit eineståande fagmiljø og utført sitt samfunnsoppdrag på framifrå vis. Forutan ein tverrvindbane har Andøya parallell taxebane som kan erstatta hovedbanen om den vert satt or spel. Sjøl om ein ser bort frå dei «skarve» 4,2 milliardane regjeringa seier det skal kosta, kor er fornufta i å byggja nytt, lenger unna operasjonsområdet, der det er fysisk umogleg med meir enn éin rullebane og øvrig plassmangel vil skapa konflikt med sivil flytrafikk og naturvernomsyn?

Det er ikkje farleg å reisa til Evenes, men som mange andre norske flyplassar har den sine utfordringar grunna vêr og topografi. Andøya, med hav på tre kantar, har derfor også klare operasjonsmessige føremoner. Flyttinga, viden fordømt i militær- og luftfartsmiljøet, vert freista legitimert med vurderingar og reknestykke som ikkje heng på greip. Ein ekstern utgreiing syner at ekstrarekninga kan verta ein «mong» eller to. Dåverande forsvarsminister avfeide rapporten før ho hadde lese den. Under vitjing på Andøya unngjekk hennar etterfylgjar å møta annleis tenkjande og verkar like uinteressert i å sjå på tala på nytt. Er reverseringsfobien verkeleg så sterk at sentralmakta blindt vil driva gjennom eit militært, samfunnsmessig og økonomisk feilgrep av enorme dimensjonar?

KrFs gjennomslag for ein minstenorm for lærartetthet i grunnskulen hadde ein pris? Hestehandelen forplikta dei nemleg til å stø regjeringa sitt kompetansekrav. Heri ligg litt av eit paradoks, for korleis skal dei få tak i nok lærarar? Nye opptakskrav stenger mange frå utdanninga, og avskiltinga av tusenvis av lærarar med lang og tro teneste i den norske skule vert opprettholdt. Det er ikkje rart at ei stolt yrkesgruppe kjenner seg frustrert og tråkka på. Røynsle vert ikkje verdsatt slik det fortener og dei vert utsett for det heilt uhøyrde at endringane har attendeverkande kraft. Eit normalt knesatt prinsipp i eit sivilisert samfunn vert broten av di reversering; nei, Gud forby! sjøl for KrF.

I kommunereforma vrimlar det av prosessar så uryddige at dei burde ha vore nullstilt. Dette avslører ein rapport om folkerøystingane. I fem kommunar var ikkje det å stå aleine eingong eit alternativ. Ellers vert det peika på andre manglar og kritikkverdige tilhøve. Regjeringa sin favorittmetode, sokalla innbyggjarundersøkingar, vart i stor grad skjemma av leiande spørsmål. Likevel har både tja og ja, uansett med kor liten margin, alltid vorte tatt til fylgje. Rungande nei ved begge metodar har derimot i alt for mange tilfelle vorten ignorert.

På Sørlandet finn vi nokre av dei verste overtrampa. Songdalen ville ikkje slå seg saman med Kristiansand, men kommunestyret opna for at dersom Søgne sa ja, laut dei óg gjera det. Då Søgne så også sa nei, burde saka ha vore avgjort, men då hadde dei ikkje rekna med framferda til ordførarane og andre samanslåingstilhengjarar. Gjennom grov manipulering vart det kommunisert at det her var snakk om to ja-kommunar som opna for bruk av tvang mot den tredje.

Stortingsvedtaket 8/6 vart altså fatta på dokumenterbart feil grunnlag. Om det vert ståande, vil det soleis vera ein skamplett på det norske folkestyret. Med von om at vi framleis har eit slikt, har langt over halvparten av dei røysteføre i nabokommunen Marnardal no skreve under på eit opprop om å stogga ein annen tvangssamanslåing, der med Lindesnes og Mandal. Både Stortingsvedtaka vart fattet med éin røyst i overvekt. Ved valet tapte H/FrP/V det fleirtalet, men KrF er tydelegvis ottefulle for å trø dei for mykje på tærne ved å sikra reversering.

Forsand derimot er KrF er viljuge til å redda. Det skulle også berre mangla. Med ei antageleg fåfengt von om å behalda ferga over fjorden også etter opninga av Ryfast lenger nord, var dei i utgangspunktet innstilt på å seia ja til Sandnes. Då fleirtalet snudde, trenerte Forsand sin H-ordfører saka soleis at dei ikkje fekk fatta noko nei-vedtak før Stortingshandsaminga. Frå statsvetarhald vart dette kalla maktmisbruk. Også Fylkesmannen ga påpakning. At regjeringa likevel ikkje snur, er vel inga bombe, men her vil heller ikkje AP reversera. Det vil lokallaget deira i Forsand, men sentralt er det tydelegvis viktigare å hjelpa ein imperialistisk AP-ordførar i Sandnes med å tilegna seg fossekraft og Preikestolen i eit område som geografisk ikkje heng i hop med byen hans.

Regionreforma er eit ytterlegare prov på at Noreg ikkje er det demokratiske fyrtårn vi likar å tru landet er. Her er hastverkselementet særskilt framtredande og den vert dreven fram utan ordentleg utgreiing og  høyringsrunde. Med rekordlåg entusiasme og utan truverdig grunngjeving haltar den i veg mot geografiske misfostre knapt nokon ynskjer seg. Er det ikkje då på tide å rista av seg lagnadstru og tåla å verta kalt gammeldags? Reverseringar er mykje betre for land og folk enn å verta offer for reformfatalismen.