Dette innlegget er skrive av Stig Hjelmeland.

Kjøpe rådhus i Selje?

Ser at politikarane våre vurderer å bruke 22 millionar på ein 40 år gamal betongbygning med behov for oppgradering. Sluttprisen kan nærme seg 30 millionar.

Slik eg forstår det, er investeringa rekna for å vere lønsam samanlikna med dagens leigekostnader. Er den det om fem år?

Om to år er Selje kommune historie. Eit godt argument for samanslåing er betring av kommunen sine primæroppgåver: helse, skule, barnehage og tilrettelegging for nye arbeidsplassar. Ein annan gevinst er kostnadsreduksjon i administrasjonen.

Kommunal administrasjon er dramatisk endra på to område: vi treng ikkje møte fysisk for dialog med ein administrativ kommunetilsett og digitale løysingar erstattar lokal papirhandtering.

Er tanken at vi skal behalde kommunale administrative stillingar ved å kjøpe ein bygning? Skal vi behalde administrative stillingar, bør vi ikkje belaste dei med høge kontorkostnader.

Om vi innser at kundar ikkje lenger treng å møte opp i eitt bygg, kan vi fordele administrative kontor fleire stader – på Flatraket, i Selje og på Stadlandet. I tillegg bør leiarar innan helse og oppvekst, flytte tilbake til fagleg og administrativt arbeid i institusjonane. Ordførar, rådmann og tilknytte stillingar er jo allereie bestemt skal flyttast til Eid.

Kor lenge vil bygget på Nabben leve? Vi veit at mange slike bygg frå 60- og 70-talet blir rivne for å erstattast av moderne, hensiktsmessige nybygg (ref. ungdomsskulen i Måløy).

Selje kommune kunne gjere ein analyse av offentlege bygg, halvoffentlege bygg og private næringsbygg i kommunen. Kva blir dei brukt til? Kva kan dei brukast til? Her er mykje å hente om vi tenkjer utanfor (betong)boksen.