Dette innlegget er skrive av Geir Ove Refvik, Frank Husevåg, Gunnar Nore og Torfinn Kråkenes.

Ordførarar feil­in­for­me­rer om Kinn

Flo­ra-ordfører Ola Teigen bru­ker feil tal om Kinn – og Vågs­øy-ord­fø­rar Kris­tin Maurstad feil­in­for­me­rer om rap­por­tar frå PWC og Telemarksforsking

Dei to ord­fø­ra­ra­ne gjev eit heilt feil bil­de av det som vil ver­te fak­ta for ein evt. Kinn kom­mu­ne

På si of­fi­si­el­le Face­book-side som ord­fø­rar skriv Ola Teigen at Kinn vil få kr. 12,0 mill. år­leg i til­skot, mens det ret­te ta­let berre er på kr. 3,3 mill. Det­te ut­gjer ein for­skjell på hei­le kr. 130 mil­li­o­nar i lø­pet av dei 15 åra ein får til­skot.

Viss ord­fø­rar Teigen har nyt­ta desse tala i sin kamp for Kinn, så er jo hei­le det øko­no­mis­ke grunn­la­get FEIL!  Viss han i til­legg har fått tala frå sin råd­mann (pro­sjekt­råd­mann for Kinn kom­mu­ne) – så er det ikkje mindre enn ein katastrofe.

Fol­ket og po­li­ti­ka­ra­ne i både Flo­ra og Vågs­øy må få svar på det­te spørs­må­let frå ord­fø­rar Teigen el­ler råd­mann Hegg­heim.  Dei kan ik­kje hal­de in­for­ma­sjons­mø­te om Kinn i lag med Vågs­øy sin ord­fø­rar no på tys­dag, utan å gje oss sva­ret på det­te spørs­må­let først – då vil ein ik­kje kun­ne ha TIL­LIT til no­kon av ord­fø­ra­ra­ne el­ler råd­man­nen – han som dei har plan­lagt skal ver­te ny råd­mann i Kinn!

I de­sem­ber, rett før jul, kom eit nytt stor­tings­ved­tak som ei­gent­leg sei­er at in­gen kom­mu­nar skal straf­fast økonomisk om dei vert stå­an­de ålei­ne, om det er fri­vil­lig el­ler ik­kje. Det­te er godt nytt for både Brem­an­ger (som har valt å stå ålei­ne), Flo­ra og Vågs­øy. No kan vi få STOP­PA den­ne sa­man­slå­in­ga utan frykt for å ver­te straf­fa økonomisk el­ler frykt for bruk av tvang for å slå i hop kom­mu­nar.

Køy­rer dei no li­ke­vel vi­da­re med Kinn-pro­ses­sen, så vert det av fol­ket opp­fat­ta som tvang.  Køy­rer dei den­ne pro­ses­sen vi­da­re i visshet om at dei har brukt feil tal­grunn­lag, så vil Kom­mu­nal­de­par­te­men­tet v/San­ner ha grunn­lag nok for å opp­he­ve Stor­tings­ved­ta­ket.

Viss Vågs­øy kom­mu­ne vert stå­an­de ålei­ne, kan vi få mel­lom kr. 1,8 – 2,0 mill. i år­le­ge til­skot dei nes­te 15 åra. No skal Kinn få kr. 3,3 mill år­leg som vi må «dele med» 12.000 inn­byg­gja­rar i Flo­ra. Med auka ar­beids­gje­var­av­gift for dei over 500 kom­mu­nalt til­set­te i Vågs­øy kom­mu­ne, noko som ut­gjer hei­le kr. 9,9 mill., så er det­te svært dår­leg «bu­tikk» for oss.

Kris­tin Maurstad had­de in­gen prob­lem med å bry­te ei inn­gått SKRIFT­LEG av­ta­le mel­lom par­t­ia Ap, Frp, Sp, Raudt og Tverr­po­li­tisk liste, sjølv om av­ta­la er sjølve grunn­la­get for at ho sit som ord­fø­rar i dag.

Et­ter spør­je­un­der­sø­kin­ga i mars 2017 gav Kris­tin Maurstad som ord­fø­rar blaf­fen i fol­ket i kom­mu­nen og køyr­de på i sin ei­gen kamp for Kinn.

Ord­fø­ra­ren kan seie at ho job­bar for å gjen­nom­fø­re eit kom­mu­ne­sty­re­ved­tak, men det er ho som ord­fø­rar som har stått i spis­sen og fron­ta det­te Kinn-spe­let. Ord­fø­ra­ren sa sjølv i et­ter­kant av spør­je­un­der­sø­kin­ga at pro­ses­sen had­de gått fort og at dei ik­kje had­de nådd ut med in­for­ma­sjo­nen.

Først over ti må­na­dar sei­na­re, den 9. ja­nu­ar 2018, vil dei hal­de in­for­ma­sjons­mø­te for oss. I mel­lom­ti­da har dei gjort dei gre­pa dei kan for å låse oss mest mog­leg fast til den­ne mer­ke­le­gas­te kom­mu­ne­sa­man­slå­in­ga av alle. Dei har til­sett pro­sjekt­råd­mann og dei har fått ved­ta­tt for­skrif­ter i de­par­te­men­tet for den nye kom­mu­nen. Alt skjer mens ein enno ik­kje er i mål med dei sto­re spørs­må­la i in­ten­sjons­av­ta­la. Vågs­øy kan enno trek­kje seg ut om ein ik­kje vert sam­de med Flo­ra.

Når vi veit at ord­fø­rar Ola Teigen før ved­ta­ket om Kinn, i for­hand­lin­gar med Vågs­øy, gjekk ut of­fi­si­elt som ord­fø­rar og sa at «no har Vågs­øy fått nok», så er ik­kje det noko godt ut­gangs­punkt for å ver­te sam­de om in­ten­sjons­av­ta­la i fel­les­nemn­da.

Vi er tvi­lan­de til at vår ord­fø­rar veit bet­re enn fol­ket i kom­mu­nen kva som er det bes­te for oss i framtida. No som en­ga­sje­men­tet og sin­net har vok­se seg stort i Vågs­øy, ber ord­fø­ra­ren fol­ket om berre å ak­sep­te­re ved­ta­ket dei gjor­de og vars­lar at ho ik­kje vil ta noko OM­KAMP på det­te.

«VI er Kinn og DU er Kinn» - ut­ta­ler dei no rett før vi skal få in­for­ma­sjo­nen om Kinn kom­mu­ne. Vi hå­per at det­te in­for­ma­sjons­mø­tet ik­kje berre vert ei ser­ve­ring av glans­bilde og sto­re vyar og tan­kar i ein Power-Point-Pre­sen­ta­sjon, men at ein får til ein open de­batt/di­a­log mel­lom mot­stan­da­rar og til­hen­ga­rar ba­sert på fak­ta og ik­kje berre fem mi­nutt til slutt for spørs­mål.

Ord­fø­rar på­står at det har vore «godt» opp­mø­te på tid­le­ga­re folkemøter. Vi har in­for­ma­sjon om at det i Sam­funns­hal­len berre var rundt 50 per­so­nar av eit fol­ke­tal på 6000. Det kan hen­de at det no kjem mykje folk for å vise den vek­san­de mot­stan­den blant fol­ket, men det kan òg hen­de at folk boi­kot­tar mø­tet for­di dei veit at dei ik­kje høy­rer på fol­ket li­ke­vel …

Ord­fø­rar vi­ser til rap­por­tar frå PWC og Telemarksforsking og mei­ner dei støt­tar ei sa­man­slå­ing av Flo­ra og Vågs­øy. Ser ein på kven som be­stil­te rap­por­tar frå PWC så var det dei to ord­fø­ra­ra­ne og råd­mann. Rap­por­ta­ne frå PWC vart lagt fram i 2016 - før no­kon kom på det uten­ke­le­ge for­sla­get om å slå i hop dei to gren­se­lau­se kom­mu­na­ne Flo­ra og Vågs­øy. Rap­por­ta­ne har alt­så ik­kje sett på den­ne rare konst­ruk­sjo­nen i det hei­le! Li­ke­vel vi­ser ord­fø­rar Maurstad til desse rap­por­ta­ne …. Mo­del­la­ne som er utgreidd  gjeld ei sa­man­slå­ing av Flo­ra-Brem­an­ger-Vågs­øy og ein med berre Flo­ra-Brem­an­ger. KINN ER IK­KJE UTGREIDD I DET HEI­LE !

San­ner vil­le ha utgreidd ei kyst­kom­mu­ne be­stå­an­de av Flo­ra-Brem­an­ger-Vågs­øy og bad fyl­kes­man­nen om å få det­te utgreidd av Telemarksforsking som ein nøyt­ral ak­tør. Teigen og Maurstad had­de ik­kje tid å ven­te på den­ne rap­por­ten. Dei viss­te vel al­le­reie at konk­lu­sjo­na­ne vil­le ver­te ne­ga­ti­ve for Kinn-kon­sep­tet. Dei job­ba in­tenst på for­som­ma­ren di­rek­te mot Stor­tin­get og klar­te til slutt å få fleir­tal for Kinn. Rap­por­ten frå Telemarksforsking kom først i september 2017. Kven som had­de gje­ve dei to ord­fø­ra­ra­ne man­dat til å stres­se fram det­te ved­ta­ket er ik­kje kjent. Kvi­for dei had­de sånt hast­verk er heller ik­kje kjent.

Vågs­øy sin ord­fø­rar var po­si­tiv til ei sa­man­slå­ing et­ter spør­je­un­der­sø­kin­ga og ho vil­le ofre rådhuset og ar­beids­plas­sar for å få det­te til. Det var Høg­re som kom opp med for­sla­get om eit delt kom­mu­ne­sen­ter og det kom da­gen før ved­ta­ket …

Vågs­øy sin ord­fø­rar har utelatt dei ne­ga­ti­ve ef­fek­ta­ne i rap­por­ta­ne frå Telemarksforsking og den tid­le­ga­re PWC ut­grei­in­ga.

Frå rap­por­ten til Telemarksforsking:

« … av­stan­da­ne er for sto­re og det vil vere vans­ke­leg å hen­te ut po­si­ti­ve ef­fek­tar knytt til sam­funns- og næ­rings­ut­vik­ling. Så len­ge ein har lang rei­se­tid, nat­te­steng­de fer­jer og dår­le­ge ve­gar og fjell­over­gan­gar, vert det sett som vans­ke­leg å hen­te ut ge­vins­tar av ei sa­man­slå­ing.

Det er i Vågs­øy at ein ser dei po­ten­si­elt stør­ste ulem­pe­ne»

Stri­den som no pågår er svært ska­de­leg for Vågs­øy kom­mu­ne. Eit stort fleir­tal av fol­ket fø­ler at det som no skjer er eit svik og ei over­køy­ring frå lo­ka­le po­li­ti­ka­rar. Ska­da­ne kan ver­te vans­ke­le­ge å re­pa­re­re og i verste fall føre til auka frå­flyt­ting.