Dette spesielle innlegget  på diktform er skrive av Aage Kvendseth.

Ei vise om demokrati-krise

Så mangt å stusse på no om dagen ...

Kva går føre seg i lokaldemokrati-saken?

Legg politikarar det døve øyret sitt til:

Nei til å høyre folket si røyst – folket sin tvil?

«Vi kan ikkje ha omkampar om alt».

(Som om dette gjeld meir pepar eller salt)

Kinn – det er oss det no. Vi har talt!

Somme er ikkje redde for å sverte sin sti

Hoppar dei bukk over eit lokaldemokrati?

Men fire engasjerte karar der heime i Vågsøy

Kjempar for at kommunen ikkje skal døy

Vi som berre les om det som går føre seg

Ser at demokratiet kan smuldre på makta sin veg

Kva hjelp er det då med betre rutebåtfrekvens

Viss folket si røyst lokalt ikkje trengs?

Vi stussar – har vi fått eit elite-demokrati?

Der nokon veit best kva dei andre bør si?

Det er rett at Stortingsfleirtalet alt har talt

For lokaldemokratiet kan dette vere fatalt!