Dette innlegget er skrive av Frida Melvær, stortingsrepresentant (H).

Rekordmange får læreplass

Nye tal frå Utdanningsdirektoratet syner at rekordmange får læreplass. I Sogn og Fjordane har 621 elevar fått læreplass i 2017. Dette gir ein vekst på 158 læreplassar dei siste 4 åra og 74 læreplassar berre sidan 2016. Den gode utviklinga syner at regjeringa si satsing på yrkesfag gir resultat.

Kvart år står alt for mange elevar klare for lære utan læreplass. Difor er det gledeleg at det i 2017 er komme på plass fleire læreplassar i Sogn og fjordane, enn i 2016. Med fleire læreplassar får fleire elevar mogelegheit til å fullføre utdanninga si og komme seg inn i arbeidslivet.

Det å sikre fleire læreplassar er ein viktig del av regjeringa si store satsing på yrkesfag. Vi har sett i gong fleire tiltak som skal gjere det enklare for bedrifter å ta inn lærlingar. Mellom anna vert det no stilt  krav om bruk av lærlingar ved offentlege innkjøp, vi har auka lærlingtilskotet med 21.000 kroner per kontrakt, vi har innført ei merkeordning for lærebedrifter og vi har fornya samfunnskontrakta mellom partane i arbeidslivet for å skaffe fleire læreplasser.

Sogn og Fjordane har gjort ein god jobb med å skaffe læreplassar. Sjølv om det har vore ei god utvikling dei seinare åra betyr ikkje det at jobben er gjort. Framleis er det alt for mange elevar som står utan læreplass. Vi har alle eit ansvar for å sikre at den framtidige arbeidskrafta vår får mogelegheit til å fullføre utdanninga si.

Å skaffe alle ein læreplass er viktig både for den enkelte og for samfunnet. Noreg vil trenge mange dyktige fagarbeidarar i åra som kjem. Eg håpar enda fleire bedrifter i Sogn og Fjordane vil ta inn lærlingar i 2018.