Denne leiarartikkelen stod på trykk i Fjordenes Tidende tysdag 16. januar.

Vi må framleis ha fokus på trygg trafikk

I 2017 mista 104 personar livet på norske vegar. Året før var talet på drepne 135. Fire av dei som mista livet i fjor var i Sogn og Fjordane. Sjølv om talet på personar som mista livet i trafikken går ned, så er det for mange som må bøte med livet på norske vegar. Vi må ikkje slutte å ha fokus på trafikktryggleik. Vi må halde fram med å skape gode haldningar blant alle som ferdast på vegane, både bilførarar, syklistar og gåande.

Gode haldningar gjer at det blir tryggare for alle. Vi må bruke vegane på ein god måte same kva vegstandard det er og uansett om vi køyrer bil, syklar eller er fotgjengarar. Vi må avpasse farten etter forholda. Vi må vere edru og opplagde. Vi må bruke bilbelte, hjelm og ikkje minst lys og refleks. Og så må vi syte føre at utstyret er i orden og trygt. Dekk, lys og bremser på bilane må vere sikre. Vi må unngå å fikle med mobiltelefonar og anna utstyr som er i bilane. Vi må ha fokus på vegen og det som skjer rundt oss. Og så må styresmaktene bruke pengar på å bygge trygge og gode vegar. Dei må også bruke pengar på å utbetre og sikre smale, svingete og rasfarlege vegar der det ofte skjer ulukker. Hol i asfalten og sporete vegdekke kan i mange tilfelle føre til farefulle situasjonar og ulukker.

Dessverre så er det ofte unge bilførarar som er involverte i ulukker der folk blir skadde eller mistar livet. Det handlar nok om ein kombinasjon av mangel på erfaring og lysta til å teste ut grenser og kanskje tøffe seg. Igjen handlar det om haldningar. Politiet kan førebygge mykje med å ha hyppige kontrollar for å luke ut verstingane i trafikken. Dei kan også få parkert bilar med store manglar. Vi har ikkje råd til å miste nokon. Vi må ta omsyn til kvarandre. Vi må ta ansvar. Då kan vi alle bidra til å få ned talet på ulukker i trafikken.