Dette innlegget er skrevet av Nils Myklebust, Senterpartiet.

Svar til Laila Schult om demokrati og folkeavstemming

Laila Schult etterlyser kva som er alternativet i ei folkeavstemming. Dette er etter mitt syn klart i dette innbyggarinitiativet som Fredrik Egeberg har tatt.

Det er ja eller nei til Kinn. Ikkje eit ja eller nei til Stad, dette må vi forhalde oss til.

Så skriv Schult at der har vore ei folkeavstemming om dette, men det er no heilt feil. Det har det ikkje. Der var folkeavstemming over Selje, Vanylven og Vågsøy. Vågsøy sine innbyggarar fekk ikkje folkeavstemning om Kinn. Men der har vore ei innbyggarhøyring som sa 31 prosent for Kinn og 54 prosent imot. At Ap som parti kallar det demokrati å ikkje ta omsyn til dette er berre heilt utruleg.

Eg hadde forventa av eit parti som har tradisjon for å verne om demokratiske prinsipp, hadde handla annleis. Det er berre å slå fast, Laila Schult, at vi er ueinige på dette på dette viktige punktet

Ap gjekk inn ei avtale som sa at der skulle vere ei folkeavstemming på eit framforhandla resultat. Dette gjekk dei bort frå med grunngjevinga at ei innbyggarhøyring ville vere så mykje betre. Når så den kom, så ville dei overhovudet ikkje akseptere resultatet av den. Og då spør eg: kvar er demokratiet? Var det berre ein skinnmanøver?

Men det er nettopp dette striden dreier seg om. Folket i Vågsøy er ikkje høyrde på demokratisk vis om Kinn.

Så til noko av den skremselpropagandaen som vert framsett dersom vi ikkje slår oss saman med Flora, forøvrig nokså lik den som vi hadde på landsbasis om EU. Det var ikkje måte på kor gale det ville gå med oss om vi vart ståande utanføre. Vart det slik?

Så er det spørsmål om kva ein vil med ei folkerøysting? Svaret er frå mi side krystallklart. Skape ro om saka. Dersom Vågsøy kommunestyre gjer vedtak om dette i møte den 1. februar, så har begge sider anledning til å informere om fakta  fram til sjølve røystinga. Der bør være ei tid på ca. seks veker mellom vedtak om folkerøysting og sjølve røystinga.

Så må Vågsøy kommunestyre forhalde seg til resultatet. For min del så betyr det 50,1 prosent.

Vil her også vise til to stortingsvedtak gjort 7.12.2017.

«Stortinget ber regjeringen legge til grunn at gode og frivillige prosesser skal være utgangspunkt for endringer av kommunestrukturen.  Eventuelle kommunesammenslåinger i perioden 2017 – 2021 skal utelukkende bygge på frivillighet.»

«Stortinget ber regjeringen legge til grunn at inntektssystemet for kommunene skal sikre likeverdige muligheter for å utvikle velferdstjenster til innbyggerne og ikke brukes som element i videreføring av kommunereformen

Eg vil spørje? Trur verkeleg folk det at når der i Norge er ca. 250 kommunar som har færre innbyggarar enn Vågsøy, at det norske Storting ikkje vil gje dei vilkår i framtida , slik at  desse ca. 250 kommunane ikkje skal verte i stand til å gje innbyggarane likeverdige tenester med resten av landet?

Dette burde alle sjå ikkje kan stemme.