Dette innlegget er skrive av Ola Austring.

Fiskerikai i Moldefjorden

Viser til sak i Fjordenes Tidende i samband med fiskerikai i Moldefjorden. Det som har vist seg til alle tider, er at det skrivne ord har «stor makt». Med det forstår vi at dei som les, gjer seg opp ei meining om temaet slik det er forfatta. I dette innlegget ser ein at politikarane har bestemt/lagt til rette for at det skal leggast ei fiskerikai på Hatlenes. Vidare uttrykker Selje-rådmannen bekymring for at dette ikkje kan gjennomførast dersom fiskarane og fiskarlaget set seg på bakbeina for plassering av fiskerikai på Hatlenes.

Vi som har kjennskap til saka og har vore involvert sidan dette blei brakt på bane, føler at vi etter dette vert sitjande igjen med «svarte-Per», og kan ikkje la dette bilete av saka stå utan å verta kommentert:

Selje kommune og enkelte kommunepolitikarar vart kontakta om behovet for fiskerikai i området tidleg på hausten 2016, og at Lestovika måtte takast inn igjen på arealplan i samband med Stad skipstunnel. Den 5. november 2016 hadde underteikna møte med ordførar og representant for teknisk avdeling i kommunen. Her blei behovet for fiskerikai i området teke opp, og at Lestovika måtte takast inn igjen på arealplana. Grunngivinga for dette var heilt klar: Her eksisterte allereie eit godt utarbeidd prosjekt, plassert sentralt, med spesielt gode hamneforhold frå naturen side. Tilbakemeldinga var då at på grunn av tidsavgrensing var ikkje dette mogeleg. Vidare eksisterte det visst ein underskriftskampanje som skulle tilseie at dette prosjektet ikkje var mogeleg å ta opp igjen. Eg fekk allereie under dette møtet inntrykk av at Lestovika som fiskerihamn var eit «ikkje- tema».

Saka frå fiskarane blei vidare følgt opp med skriv til kommunen frå Selje Fiskarlag datert 09.11.2016, der ein bad om å ta Lestovika inn på arealplana med 1. prioritet som fiskerihamn, og dertil grunngjeving. Etter at Selje fiskarlag og Vågsøy fiskarlag slo seg saman til Nordfjord fiskarlag, blei dette igjen følgt opp med skriv til kommunen datert 02.03.2017. Selje kommune inviterte Nordfjord Fiskarlag til møte i samband med fiskerikai, der dei ynskte innspel om fiskarane sine behov som kaistorleik, fasilitetar på land, og så vidare. Dette møtet blei då halde fredag 12. januar på Selje Heradshus. Her møtte to representantar frå Nordfjord Fiskarlag og fire representantar frå kommuneadministrasjonen. Registrerte at her var det allereie lagt eit løp der vi berre skulle diskutere fiskerikai på Hatlenes. Då med bakgrunn i kva politikarane hadde bestemt.

Ser i innlegget i Fjordenes Tidende datert 26. januar at rådmann formulerer det slik at dei (administrasjonen) ikkje fekk noko klart svar. Som normal folkeskikk tilseier, høyrde vi sjølvsagt på kva kommunen hadde på hjartet i samband med Hatlenes. Vi fekk inntrykk av at her var løpet lagt: Vi skulle akseptere denne plasseringa som fiskerihamn, og så var prosjekt Hatlenes i boks med midlar frå kystverket. Når då rådmann presenterer det slik at «vi (fiskarane) skulle tenke på saka», gjaldt det i høgste grad korleis vi skulle formulere vår tilbakemelding på det vi blei presentert. Hatlenes var og er eit ikkje eit alternativ til Lestovika som fiskerihamn!

Etter møtet blei det sendt ut skriv til alle representantar i kommunestyret i samband med fiskarlaget si haldning til fiskerikai i Moldefjorden, samt for å klargjere dette og prosessen bak. Dette for å vere tryggare på at politikarane har i hende den informasjon som er naudsynt for å vurdera sitt standpunkt i ei så viktig sak. Vi som er fiskarar har heile tida lurt på grunnen for ein slik motvilje (vårt inntrykk) mot å ta diskusjonen om Lestovika opp igjen, og vidare for få å dette inn som fiskerihamn i arealplana.

Etter litt gjennomgang i diverse kommunikasjon i samband med Lestovika der det i eit svar i ein e-post frå administrasjonen i kommunen lyder, sitat: «Synergiutvalet gjorde ei vurdering på Lesto og kopla av dette prosjektet då arealet på land var minimalt og slik sett mindre egna.» Sitat slutt.

I dette ligg sjølvsagt vurderinga med tanke på areal til industriområde.

No har politikarane gått inn for industriområde på Hatlenes og vidare at fiskerikai/hamn skal ligge her. Punktum finale! Forstår vi det rett, viser det seg no at det ikkje er aktuelle interessentar til dette industriområdet per i dag. Det vil sei at kommunen står igjen med å presentere dette som fiskerihamn, som då sjølvsagt er interessant sett frå eit administrativt synspunkt, då ein kan få inntil 60 prosent støtte frå Kystverket til fiskerihamnformål.

Utan å legge oss bort i prosessen bak dette vedtaket om industriområde, må vi få lov å spørja på kva grunnlag vedtaket om å legge fiskerihamn på Hatlenes er gjort.

Generelt der ein planlegg fiskerihamn, er i alle høve det lokale fiskarlaget høyringsinstans nummer ein. Med det forstår vi at kommunen skal vende seg skriftleg til laget for at dei kan gje si tilbakemelding. Det har i dette tilfellet ikkje blitt gjort. Det er heller ikkje lagt ut planar om fiskerikai i Hatlenes til offentleg høyring.

Det kommunen her har gjort er å invitere fiskarlaget til å koma med innspel og eventuelle ynskjer i samband med allereie bestemt plassert fiskerikai på Hatlenes, som då ikkje er ei høyring i så måte.

Eg vonar at politikarane i Selje kan sjå dette i eit anna lys og er viljuge til å ta saka opp igjen for å få Lestovika inn på arealplana som fiskerihamn. Eg viser her til innlegg frå Gunn Sande (Selje Sp) i Fjordenes Tidende datert 30. januar.

Her er skrivet frå Stig Oldeide i Nordfjord Fiskarlag til kommunestyrerepresentantane i Selje kommune, datert 19. januar 2018:

«Dette brevet blir sendt til samtlige kommunestyremedlemmer med den hensikt å forklare Nordfjord Fiskarlag sitt syn på en ny fiskerihavn i Selje kommune. Slik vi forstår så verserer det en hel del meninger om plassering av ny fiskerihavn i Selje. La det være helt klart at Nordfjord Fiskarlag aldri har ønsket Hatleneset som plassering av fiskerihavn. Dette fordi vind og bølger fra nordvest medfører en ytre påvirkning som er lite ønskelig. Derimot har fiskerne i Selje og Nordfjord Fiskarlag hele tiden ment at det ville være naturlig å legge en fiskerihavn på Lestovika. Dette på grunn av naturgitte forhold og ikke minst en kortere vei til kommunesenteret med tilgang til butikker. Det er helt klart at ved en ny fiskerihavn vil der bli tilførsel av fremmede fiskebåter. Jevnfør makrellfisket som var i fjor høst. Da måtte flere båter ligge til anker på grunn av mangel på kaier. Nordfjord Fiskarlag ser ingen grunn for at det skulle være en enkeltepisode. Tidligere Selje Fiskarlag og Selje kommune mente at Lestovika var den ideelle plassering. Og vi kan ikke se at er fremkommet nye momenter eller opplysninger som tilsier at en skal skifte mening. Det er da med undring vi ser at Selje kommune nå ønsker å forandre plassering av fiskerikai uten noen form for grunngivning. Det er forankret i vedtak i Selje kommune, der en allerede i 2003 og 2004 søkte kystverket om midler til bygging av en fiskerikai på Lestovika. Der behovet ble grundig dokumentert. Når en fikk avslag så skyldes det at midlene var oppbrukt. Og kystverket etterspurte mer opplysninger fra Selje kommune. Slik vi forstår det ble ikke de opplysningene spilt inn til Kystverket. I den søknaden som ble sendt var området tegnet og beregnet av konsulentfirma Moldeskred i Ålesund. Allerede i november 2016 hadde to representanter for fiskerne møte med ordfører og representant for teknisk avdeling. Her ble det sterkt understreket viktigheten av at fiskerikaiprosjektet på Lestovika ble tatt opp igjen politisk for å få den inn på arealplan for Stad skipstunnel.

Nordfjord Fiskarlag bad tidlig i 2017 om at Lestovika på nytt ble tatt inn i reguleringsplanen og regulert til fiskeriformål. Nordfjord Fiskarlag har hatt ett fysisk møte med Selje kommune nå i januar der en skisserte behovene fiskerne ser for seg når det gjelder utvikling av en ny fiskerihavn. Der kom det også frem at Selje kommune må fysisk eie området og også stå som søker for å kunne påregne midler fra Kystverket. (Jf. Statsbudsjettet kap. 1360 post 60) Tilbakemeldingen fra Selje kommune etter dette møtet er at det kun er Hatlenes som er et reelt alternativ for fiskerikai.

I den sammenheng ser vi det nødvendig å informere alle politikere i Selje direkte vedrørende denne saken. Dette for å dokumentere at det har vært jobbet aktivt for Lestovika som fiskerihavn, og at lokalpolitikere får den informasjon som er tilstrekkelig for å kunne vurdere/ta stilling til et så viktig prosjekt. En skal tross alt skape og tilrettelegge en helt ny fiskeri havn med tanke på fremtiden. Det er derfor viktig at fiskerne ser seg tent med plassering og nytteverdi.»