Denne leiarartikkelen stod på trykk i Fjordenes Tidende 13. februar.

Hotellruinane er ei vanskeleg nøtt for Selje-politikarane

Over eitt år etter den tragiske brannen på Selje Hotel er det framleis usikkert kva som skal skje. Sist veke bestemte eit samla kommunestyre seg for å vurdere å ta jobben med å rive hotellet og å kjøpe tomta. Prisen er rundt åtte millionar kroner. No er det sjølvsagt ikkje ei kommunal oppgåve å rydde opp i private selskap eller rydde opp etter dei. Og for Selje kommune er åtte millionar kroner mykje pengar. Bestemmer dei seg for å gjere dette så må pengane takast frå andre investeringsprosjekt.

Men dette er ei veldig spesiell sak. Det er vanskeleg å peike på kven som har det juridiske ansvaret for å rydde opp. Saka skal endeleg bestemmast i kommunestyremøtet 15. mars. Fram til då skal kommunen prøve å forhandle fram ei avtale med grunneigar, Opplysningsvesenets fond (OVF), om å få kjøpe tomta. Samstundes skal dei starte anbodsprosessen for å rive hotellet og rydde tomta. I tillegg skal rådmannen utarbeide ein plan for korleis dette skal finansierast og kvar pengane skal takast ifrå.

Blir det fleirtal for dette i mars, har politikarane sett seg som mål at tomta skal vere seld til nye eigarar innan utgangen av 2019. Det store spørsmålet er om det er nokon som vil kjøpe, og ikkje minst kva dei som får kjøpe den attraktive tomta i sentrum vil bruke den til. Ordførar Stein Robert Osdal seier dei er i dialog med grupperingar som vurderer å bygge nytt hotell. Men han held korta tett til brystet om kor aktuelt og konkret dette er. All den tid det er brei politisk vilje til å vurdere dette får vi tru at han veit meir enn han vil seie offentleg, og at han har sagt meir til politikarane enn han går ut med. Blir kommunen sittande med ei tomt ingen vil ha så blir dette ei tung bør for fellesskapen.