Denne kommentaren er skriven av Arnfinn Kolerud og er ein del av Stemplear ut-spalta på sistesida kvar fredag.

Troll i bikini

Troll bur ikkje lenger inni fjellet og under brua. Dei bur på internett. Nokre av dei skriv stygt om alle andre enn seg sjølve. Andre troll gøymer seg bak falske namn og får ungane dine til å kle av seg framfor kamera. Den tredje gruppa troll, som dette skal handle om, står fram med både namn og bilde. Dei heiter Martine Lunde og Rannveig Heitmann og Martine Johansen og Isabelle Eriksen.

Desse jentene står bak dei mest populære bloggane på nett. Dei har titusenvis av lesarar, og desse lesarane er døtrene dine. Bloggarane lokkar ikkje jentene inn i fjellet, men inn i ei verd fylt av silikon og Botox og restylane og vippeserum og hettegenserar til 1600 kroner.

Den siste Ungdata-undersøkinga viser at 28 prosent av jentene i den vidaregåande skulen er plaga av depressive symptom. Bruken av sovepiller og antidepressiva aukar kraftig. Dei tilsvarande tala for gutar er langt lågare.

Rannveig er ikkje deprimert, for ho har fått seg nye augevipper. Linken til eit firma fortel at volumvipper kostar 1900 kroner. Dei tilsette er superdyktige, fortel ho. Vippene hennar står like langt ut frå fjeset som dei opererte leppene.

Martine Johansen skriv at ho aldri hadde turt å fikle med fjeset sitt, og legg til: «Utenom fillers i leppene som er et naturlig stoff». Isabelle har silikon i brysta og et frukost klokka 13.28 og bruker størrelse XS sjølv om ho eigentleg har størrelse S, og ho skal til Syden fordi ho «klarer ikke Norge mer, haha». Dessutan er ho misfornøgd med armane sine.

Martine Lunde har lagt ut førti bilde av seg sjølv med vippe-extensions. Etterpå forsikrar ho oss om at ho hatar vippe-extensions. Ho elskar å gå utan sminke!

Du er DRITPEN og eg ELSKAR deg, skriv jenter i kommentarfelta.

Desse bloggarane vil sjølvsagt hevde at dei er uskuldige i å ramponere tankemønsteret til døtrene dine. Dei viser jo berre fram liva sine! Bikiniane sine, belta sine, veskene sine, og dei opererte kroppsdelane som det i utgangspunktet ikkje var noko feil med. Det er dette bikinitrolla lærer døtrene dine: å finne feil der det ikkje er feil. Visst er det farleg å leike i trafikken. Det er farleg å drikke seg full. Men det er kanskje enda farlegare å lese Isabelle Eriksen.