Denne kommentaren er skriven av Stig Erik Elliott, og er ein del av Stemplar ut-spalta på sistesida kvar fredag.

Feige politakarar

Ein kan seia mykje om Sylvi Listhaug. Eg skal ikkje seia noko av det eg kunne ha sagt. Det eg derimot skal seia noko om i dag, er feige politikarar på alle kantar av striden. For: Listhaug sitt Facebook-innlegg der ho hevda at Arbeidarpartiet set rettane til terroristar framfor omsynet til nasjonal tryggleik, har, langt om lenge, enda opp i orsakingar både her og der. Vegen fram mot orsakingane har vore alt anna enn verdig. Statsminister Erna Solberg enda etter fleire tause dagar opp med å beklaga på vegner av regjeringa. Kvifor brukte ho fleire tause dagar på å komma fram til denne avgjerda? Å finna ut av om dette innlegget var greitt eller ugreitt, måtte vera fort gjort. Om det er sånn at ho brukte tida på å prøva å få Listhaug til å beklaga sjølv, er det spesielt. Ein leiar kan ikkje vera så svak at han eller ho må overtala ein av sine undersåttar til noko som helst.

Tenk deg eit tilsvarande døme frå næringslivet: Ei bedrift får sterke skuldingar mot seg etter at ein medarbeidar har uttalt noko eller lagt ut noko på sosiale medium. Administrerande direktør i bedrifta gjer seg utilgjengeleg, eller nektar å svare, i fleire dagar. Når han eller ho så endeleg svarer, tar vedkommande sterk avstand frå medarbeidaren sitt utspel.

Hadde eg vore styreleiar i denne bedrifta, ville adm.dir. vore kalla inn på teppet fortare enn han eller ho hadde klart å uttala idiot. Slik framferd vitnar om manglande tyngde, eventuelt redsle for å irettesetja ein i visse delar av offentlegheita populær medarbeidar. Treng du dagevis på å fundera på om medarbeidaren din har hatt grunn til å setja fyr på nasjonen eller ikkje, er noko radikalt gale.

Men eg vil heller ikkje frikjenna Jonas Gahr Støre og andre politikarar. For: Facebook er ikkje ein eigna kanal for politisk diskusjon. At ein politikarar gjer ein feil ved å leggja ut terroristbilde med Ap-analyse, gjer det ikkje rett av Gahr Støre å komma med ein sentral del av svara sine i same kanal. Er du ein real politikar, tar du dei politiske diskusjonane i politiske fora – eller media.

Kvifor, spør du kanskje? Jau, fordi ein her kan få dialog gjennom spørsmål, svar, oppfølgingsspørsmål osb. Å lausriva seg frå kritiske blikk på det ein sjølv seier, er bakstreversk. Og det er det politikarane gjer når dei brukar private einvegskanalar til politisk diskusjon. Media er på si side på mange måtar blitt politiske puddingar som legg seg langflat for politikarane sin strategi i sosiale medium. Aviser og nettaviser siterer Facebook-innlegg frå politikarar og lèt det meir eller mindre vera med det.

Kor blir det av den kritiske tilnærminga? «Nektar å svare på spørsmål, isolerer seg på Facebook». Dette er ein tittel som kunne vore brukt for å skildra mange politikarar i denne saka.