Denne kommentaren er skriven av Stig Erik Elliott, og er ein del av Stemplar ut-spalta på sistesida kvar fredag.

Klesbutikkar bør få seg kjølerom

Det fine med å vera norsk er at du, som nesten ingen andre i verda, kan meska deg i i-landsproblem. Sidan det no ein gong er sånn at mine problem er dei største som finst nettopp fordi dei er mine, vil eg i dag gripa fatt i ein mangel som langt fleire enn meg burde vera bekymra over:

Kvifor i alle dagar har ikkje klesbutikkar kjølerom?

Her om dagen fekk eit innfall og bestemte meg for å supplera garderoben ein smule, ettersom det er på tide å leggja vekk Ulvang-utstyret og få fram noko som er litt mindre ull. Eg toga inn på ein klesbutikk og var innstilt på å bruka 10-15 minutt på å kjøpa meg 10-15 nye plagg. Ein skikkeleg mannehandel, med andre ord. Brukar du fleire minutt enn plagg, er det noko som er alvorleg gale.

Ute var det vår, inne i butikken var det sommar – ikkje berre i vareutvalet, men diverre òg i temperaturen. Då eg drog på jobb om morgonen, var det seinvinter på gradestokken. Eg utstyrte meg difor med noko som, om ein er fin på det, kan kalla frakk. Og: Frakk er eit plagg som ikkje passar heilt med sommartemperaturar. Dette gav seg særs uheldige utslag under handleturen. Etter å ha brukt om lag tre minutt på å saumfara stativa etter noko passande, var eg kliss blaut på ryggen. Handleturen blei brått omdanna til badstu iført Ulvang-utstyret eg var innstilt på å leggja vekk. Dermed oppstod det eit dilemma: Korleis skulle eg få prøvd kleda med ein overkropp like blaut som ei hengemyr i solnedgang?

I gamle dagar var ikkje dette med prøving noko problem. Då visste eg kva som passa - og kunne kjøpa både bukser og skjorter ved å sjå på bokstav eller nummer. Dei siste åra har kleda i butikkane begynt å krympa. Det som passa før, passar ikkje lenger. Og det som passa sist eg handla, passar heller ikkje alltid.

Dårleg samvit for å henga utsveitta klede som ikkje passar tilbake på stativet, kan eg ikkje skryta på meg. Sjansen for at eg skal komma tilbake og prøva eit plagg eg allereie har fukta godt, er forsvinnande liten. MEN: Tenk om plagget passar slik at eg bestemmer meg for å kjøpa det? Ein kan jo ikkje komma heim med nye klede berre for å måtta vaska dei før bruk.

Ein klesbutikk med skikkeleg stil bør difor installera kjølerom. Sjølv om du ikkje er utstyrt med frakk, kan prøving og feiling generelt vera såpass frustrerande at det piplar både her og der. Kva om ein kunne stikka innom eit kjølerom og roa seg ned nokre minutt ved behov? I tillegg til å kjøla ned kroppar, kunne ein i eit slik rom og installera hyller med små brune flasker.

Då lovar eg at handleturen ville flaska seg for min del!