Ane Barmen er ein av fire spaltistar som er i papiravisa på sistesida kvar fredag.

Her kan du lese siste kommentaren i avisa sist fredag;

Det finnast slike lister frå alle plassar i Noreg, men eg har ikkje funne ein frå ytre Nordfjord enno. Og som einkvar nordfjording veit eg at vil ein ha noko gjort får ein gjere det sjølv. Her kjem altså mitt bidrag.

Du veit du er frå ytre Nordfjord når:

... du aldri ville finne på å mate ein måse med vilje, slik ein gjer i byparkar. (Dette gjer ein faktisk i Oslo. Kvifor?!)

... når vêrmeldinga seier «liten storm» og du ser ut glaset og tenker: «Hæ? Dette er då godt og teneleg veir?»

... du instinktivt alltid symjer litt sidelengs fordi du er van med å ta av for bårene på Revikja

.... du kallar konfekten Quality Street for Shetlandsgodt, og du aldri har kjøpt det på butikken, men fått det frå ein fiskar som akkurat er heimattekomen frå sjynn.

... du aldri har gått julebukk før. Men nyttårsbukk, dét har du mange års erfaring med.

... du peisar over Måløybruna i orkan med dødsforakt sjølv om vindmålaren syner 32 medan du mumlar noko lite flatterande om sogningar som skal drive og bestemme over bommen når vi har køyrd akkurat slik det har passa oss i alle dei år.

... mest alle utropa dine er religiøst betinga, uavhengig av om du er kristen eller heidning. (Dette gjeld sjølvsagt for mange nordmenn, men folk frå ytre Nordfjord er ekstreme. Vi påkallar Vårherre i alle livets situasjonar, med eit Gud hjelpe meg og Gud nåde meg og Gud beire og Gud og fader og Herregud og Velsigne deg og Takk for mat i Jesu namn, amen. Oslovenane mine likar spesielt godt at eg velsignar dei heile tida utan eingong å tenkje over det. «Kan eg ta eit kakestykke til?» «Ja, VELSIGNE DEG!» ropar eg då. Av og til slenger eg også på eit «barnet mitt» slik farmor brukte å gjere. Gammal bedehusvane er vond å vende.)

... du ikkje opplever det som rart i det heile at gater har nummer, ikkje namn. (Åh, kor mange gonger eg har måtta forklart dette for utanforståande som ikkje kan fatte og begripe dette med Gate 1 og Gate 2.)

... du går på fest i allvêrsjakke og støvlar, og ikkje ei stilig kåpe og nydelege semska sko, slik ein driv med andre plassar. (Ein gong høyrde eg kjendisstylist Jan Thomas ergre seg over nordmenn sin hang til å stille på fest i allvêrsjakke over finkleda, og då tenkte eg med meg sjølv at han openbert aldri har gått på fest i ytre Nordfjord ein vinterkveld før. Eller ein haustkveld. Eller nokon kveld. Går du heimanfrå i ytre iført ein snasen blazer og frekke pumps kjem du truleg til festen og ser ut som ein ulukkeleg, søkkvåt Sankt Bernhard etter ein lang og strabasiøs redningsaksjon i Alpane. Som ikkje enda godt.)