Ane Barmen si kommentar i fredagsavisa:

Dei siste åra har det eksplodert av seljarar på gata. Dei stoppar deg for å selje deg telefonabonnement eller Krill eller straum eller vil ha deg til å støtte hjelpeorganisasjonar. Dei sistnemnde er dei verste. Når eg går ute på gata i eigne tankar vil eg ikkje støtte organisasjonar. Eg vil gå i fred. Klart mange av dei gjer viktig arbeid. Klart vi i rike Noreg skal hjelpe andre. Det er framgangsmåten eg mislikar. Eg hatar å bli mast på. Nokre av desse gateseljarane har dessutan blitt utruleg utspekulerte. Dei oppsøker deg der du ikkje har sjanse til å kome deg unna. Kjem dei mot deg på gata er det berre å vike unna med blikket og mumle «Nei takk!» dersom dei kjem bort til deg. Men nokre av dei er sleipare enn som så.

Ein vakker sommardag låg eg i parken og naut sola og ei bok. Fuglane kvitra, eg blei brun og fin, det var kort sagt ein perfekt dag. Så skugga det brått for sola, eg såg opp, og der stod ho: ei jente i tjueåra med Redd Barna-t-skjorte og den forhatte blokka i handa, den ho vil skrive namnet ditt på så ho kan sende deg rekningar kvar einaste månad. «Hei, vil du støtte Redd Barna?» spurde ho blidt.

Eg hadde ingen plass å rømme. Eg måtte svare henne. Men eg var lur – trudde eg. Eg hadde eit svar klart, eit som har redda meg ut av slike situasjonar før. Eg smilte tilbake og sa mildt: «Eg støttar faktisk allereie Redd Barna.» Det var ikkje sant. Men seier du «Nei» blir dei ståande og mase, og eg var ein lutfattig student som knapt nok hadde pengar til å betale husleiga, så eg tenkte det var innanfor. Dette brukte alltid å funke. Då brukte dei å sprette unna og seie: «Å, så flott! Ha ein fin dag vidare, då!» Men ikkje denne jenta. Ho var ikkje tapt bak ei hes. Smilet hennar forsvann, og ho sette auga i meg. «Jaha? Kva slags av prosjekta våre støttar du, då?»

De veit når folk av og til ropar: «Tenk fort!» før dei kastar eitt eller anna til deg, som ein ball, og så må du vere kjapp og fange han før du får han i fjeset?

Så kjapp er ikkje eg. Eg får alltid ballen midt i trynet. Hardt.

«Eh ... eg hugsar ikkje heilt, eg trur det var noko med ... eh, ein barneheim i Russland», sa eg fort og svelgde. Eg pirka på shortsen og håpa inderleg at Redd Barna hadde ein barneheim i Russland. «Jaha», sa ho berre. «Mm», sa eg, og kjende kor skammas raudne dekka heile meg. Ho gav meg det vonde auget, og utan eit ord til berre gjekk ho. Ho var ein strålande seljar. Ho visste at dette var nok. For eg gjekk rett heim og teikna abonnement hos Redd Barna.