Dette er eit innlegg frå Sigurd Reksnes, nestleiar i Sogn og Fjordane Sp:

«Frp ryddar etter Senterpartiet» er overskrifta til fylkesleiar Lars Svein Drabløs i fleire aviser. Det er visst derfor regjeringa med Bondelaget si velsigning brukar pengar som kunne vore brukt til matproduksjon til rydding av vegkantar. Det er visst ikkje måte på kor mykje gale Senterpartiet gjorde då vi sat i regjering. Innlegget føyer seg inn i rekka av innlegg frå den blåblå leiren her i fylket.

Hovudfokuset ser ut til å vere og drive med historieforfalsking og sverting av Senterpartiet. Det hadde vore betre om Frp og Høgre i Sogn og Fjordane heller hadde brukt energien på å jobbe for betre rammer til landbruket i fylket. Vi har bak oss to jordbruksoppgjer på rad som fører til dårlegare rammevilkår for det store fleirtalet av matprodusentar i fylket.

Senterpartiet sin matpolitikk legg opp til at vi skal produsere mest mogeleg av maten vi treng sjølve. Å sørgje for at eiga befolkning er sjølvforsynte med mat er eit grunnleggande ansvar for alle nasjonar. Då må vi ha ein politikk som legg opp til at bonden i Sogn og Fjordane kan produsere lønsamt og ta i bruk dei enorme beiteressursane. På den måten vil også busker og kratt som Frp ser ut til å vere svært uroa over ikkje ta over.

Frp sitt opplegg med å ta pengar frå jordbruksavtalen til utsiktsrydding vil nok gje ein kortsiktig effekt. Det einaste som kan halde busker og kratt nede er eit aktivt landbruk med beitande dyr i alle delar av landet. Der bidreg regjeringa sin politikk til at småskala produksjon i fylket får dårlegare vilkår.

Sogn og Fjordane er eit matfylke. Det fylket i landet med den største delen av befolkninga sysselsett i primærnæringane. Jordbruk, havbruk og fiskeri står for ei enorm verdiskaping og tusenvis av arbeidsplassar. Vi har mykje å vere stolte av. Vi står til dømes for 75 prosent av bringebærproduksjonen i landet. Morellar frå Lærdal, lam frå friske fjellbeite og mjølk som foredla til flotte produkt på Byrkjelo.

Det er mange døme på produksjonar som går godt. Etter at Sp kom i regjering i 2006 fekk vi ei investeringsbølgje i fylket. Vi har fått fornya mykje av driftsapparatet, men det er mykje som står att. Sogn og Fjordane Senterparti skal fortsette å jobbe for meir til investeringar i landbruket og gode rammer som gjer at ungdomen vil satse på ei framtid som matprodusentar, så får heller Frp og Drabløs konsentrere seg om historieskrivinga.