Dette innlegget er skrevet av Marius Strømmen i Bremanger Senterparti.

Katastrofa var eit faktum då ein trailer med mange tusen liter bensin tok fyr i Skatestraumtunnelen. Vi er alle glad for at der ikkje gjekk liv, og vi rosar alle som gjorde eit fantastisk arbeid i alle redningstenestane. No er derimot tida kommen for å gjere tunnelen brukande igjen!

I mellomtida er det eit lokalsamfunn som lid både av dårleg kommunikasjon for å komme seg på arbeid, fritidsaktivitetar, og eit næringsliv som treng transportmoglegheiter! Bremanger Senterparti forventar no handling frå dei sentrale politikarane i Sogn & Fjordane Fylkeskommune.

Bremanger SP v/ordførar Karl Vidar Førde og Ordførarkandidat Marius Strømmen har denne veka sendt brev til fylkeskommune for å få på plass passasjertransport mellom Leirgulen-Klubben-Måløy. Vi ser det som naudsynt at vi får på plass slik transport for å gjere kvardagen leveleg for dei som bur i området, og har behov for tunnelen kvardag for å komme seg på arbeid og fritidsaktivitetar. Vi kan ikkje sette livet på pause sjølv om vi har ein tunnel ute av drift, og då må vi ha på plass pendlarrute.

Ordførar Karl Vidare Førde har dei siste 2 vekene arbeida for å få dei båtane som ikkje stoppar i Leirgulen til å stogge som ein del av dei nye rutene våre. Det være seg "Speilvendtruta" frå Bergen til Selje kl 08.00, og returen frå Selje kl 16.40. Det ville ha hjelpt nokre av dei som har eit stort pendlarbehov i området. Kystvegekspressen har også vore kontakta vedrørande anløp om morgonen og på kvelden.

Desse rutene vil være eit tillegg til to rute med eigen pendlarbåt frå Måløy-Klubben-Leirgulen er det som skal til for å få eit tilbod for pendlarar i området! Vi har no sendt eit tydleg brev til samferdsleavdelinga på fylket om ei slik pendlarrute.

Senterpartiet i Bremanger fekk i førre veke også besøk av fylkesvaraordførar Jenny Følling. Ho vart informert om kor vanskeleg det er å ikkje ha eit tilfredstillande rutetilbod, og dei vanskane som ei lita ferje med avgrensa opningstid har ført til for Bremanger kommune, men også omkringliggande kommuner. Ho vil i dag ta opp problemstillingane i fylkesutvalet, for å sjå om det lar seg gjere å få på plass tenelege rutetilbod.

Ordførarkandidat Marius Strømmen stilte også spørsmål vedrørande framdrifta på renoveringa av tunnelen. Han undrar seg på at arbeidet i Skatestraumstunnelen er estimert skal vare til over jul, medan arbeidet i Gudvangatunnelen skal ta mellom 6-8 veke.

Det må være å forvente at vi har like høg prioritet som tunnelen i indre Sogn.