Dette innlegget er skrevet av Marit Nore Sørhaug frå Bryggja og sto på trykk i Fjordenes Tidende fredag 28. august.

Stadig nye signal og utspel i den pågåande omorganiseringa av norske sjukehus kjem fram, og endringar og nye utspel kjem også for dagen.

Når helseminister Bent Høie no meiner at eit lokalsjukehus må ha eit grunnlag på 60 til 80.000 innbyggarar for å kunne ha eit potensial for vidare drift, så kan ein sjå konturane av eit sjukehuskart med store endringar.

Folkebevegelsen for lokalsjukehusa var tidleg ute å peika på konsekvensane av dette, men no er fagfolka, legane og mange organisasjonar ute og åtvarar, og er redde for belastninga dette vil få for pasientane, under transport i kritiske faser.

Overlege Guttorm Brattebø står fram og etterlyser ei utgreiing av korleis pasientane skal takast vare på før dei kjem fram til sjukehuset. Dette er atter ei utidig sentralisering som fortel at med færre sjukehus må pasientar fraktas over lengre avstandar. Dette seier også at der trengst langt fleire ambulansar, utan at der finst noko oversikt over dette.

Guttorm Brattebø, som er overlege ved Haukeland universitetssjukehus etterlyser no kunnskap og konsekvensar for ambulansetenestene i debatten om sjukehusstruktur. I oktober er det venta at regjeringa legg fram Nasjonal helse- og sjukehusplan, då må ein og vente at det som skal vere innhaldet i sjukehustilbodet i framtida også vert avklara. Overlege Brattebø etterlyser også ein oppklarande diskusjon om kva nedlegging av sjukehus vil ha å seie for dei prehospitale tenestene ved sjukehusa, dette har vore lite framme i debatten.

Brattebø forklarar at dette gjeld legevakt, medfylgjande lege, ambulanse og luftambulanse. Om til dømes ein tredjedel av dei mindre sjukehusa vert lagt ned, så vert det sjølvsagt lengre avstand til nærmaste sjukehus frå skadestaden, dette kan verte ei stor belastning for akutte pasientar. I denne fase har dei mindre sjukehusa redda mange liv, dette har dei også hatt god trening og kompetanse på.Helseminister Bent Høie lova no sist veke at lokalsjukehusa skal ha akuttberedskap, også i framtida.

Det må då vere lov å spørje om dette betyr at der skal vere akuttkirurgi heile døgnet? Eller er dette ein modell med dagkirurgi kombinert med indremedisin?

Og kor mange dagar i året er dette i funksjon? Det folket og pasientane etterlyser er tryggleik for liv og helse, og dette må ha nærleik, det nyttar ikkje om dei gode tilboda i ei kritisk fase er langt borte.

I Nordfjord veit folket at dette er viktig. Vi opplever ei sentralisering ein ikkje har sett maken til på årevis, alt skal dirigerast inn til dei større byane. Vi som har valt å bu her, skal liksom nøye oss med «restane» når dei mest sentrale har fått sitt. Då er det viktig å huske på at distrikta har eksportert det mest verdfulle til sentrale strok, nemleg ungdom som fyller viktige posisjonar i landsmålestokk. I tillegg forsyner ein landet med uhyre verdfulle naturressursar.

Så vi treng ikkje å stå lengst bak i køen når gode skal fordelast. Av dette er helsetenester uhyre viktig, og må ha ei tilnærma lik fordeling, same kvar i landet ein bur.