Dette innlegget er skrevet av Sogn og Fjordane Mållag og sto på trykk i Fjordenes Tidende fredag 28. august.

Språket er viktig for kultur, identitet og god kommunikasjon. I Sogn og Fjordane har alle kommunar nynorsk som tenestemål, men gjennomføringa på alle nivå i kommunane er ikkje alltid like god. Vi finn mykje «dårleg» språk, særleg på avdelingsnivå.

Om dei som skriv referat og andre skriv, har problem med godt språk, så er det i eit fylke som vårt lett å få hjelp. Det treng ikkje alltid vere leiaren personleg som gjev språkråd, men leiaren har ansvar for å gjennomføre godt språk for si avdeling.

Kommunane er store tekstprodusentar. Kommunal informasjon, sakshandsaming og politiske vedtak er ein del av den tekstmengda som omgjev oss. Når kommunen er ein nynorskkommune, skal all tekst vere på nynorsk.

Utanom sjølve kommunen, så må kyrkje, politi og skattekontor vende seg til publikum på nynorsk. Det er svært viktig å følgje opp dette språkkravet, som og hjelper innbyggarane til å halde på sitt naturlege språk, nynorsk.Det valde språket i kommunane får og følgjer når ein skal avgjere språket i statlege regionale føretak, som t.d. store sjukehus.Vi er inne i prosessar for kommunesamanslåing, og språk kan vere ei stor sak i slike samanhengar.

I vårt fylke er det så langt berre nynorskkommunar som er i prosessar, men vi må likevel ha eit vake auge med språket. Om nokon vil endre kravet til språk, så ønskjer vi ikkje overgang til språk- nøytrale kommunar i vårt område.

Etter kvart får alle kommunar både flyktningar og andre innvandrarar. Desse har rett på språkopplæring, men opplæringsmålet er ikkje regulert i lover, så her må kommunane gjere vedtak. Det er viktig at opplæringsmålet her vert likt det målet barna deira lærer på skulen. Eit opplæringsmål som er likt talemålet, gjer det lettare å komme inn i det norske samfunnet. Rett språkopplæring er viktig for integrering.

Sogn og Fjordane Mållag ser kommunal nynorsk som viktig i komande valperiode og ber om:

  • Ta ein gjennomgang av korleis tenestemålet fungerer i kommunane.

  • Gje kommunale sakshandsamarar tilbod om opplæring, gjerne kursa som Landssamanslutninga av Nynorskkommunar (LNK) tilbyr.

  • Vurdere behov for språkbruksplanar for heile den kommunale verksemda.

  • Gjere vedtak om nynorsk opplæringsmål for vaksne innvandrarar.

  • Satse på nynorske barne- og ungdomsbøker i barnehage og bibliotek.