Dette innlegget er skrevet av Marius Strømmen, ordførarkandidat for Senterpartiet i Bremanger. Innlegget sto på trykk i Fjordenes Tidende tirsdag 1. september.

«Vi vil ha ungdommen heim» er ein påstand som så og sei alle partia i Bremanger kommune seier seg einige i. Etter at vi, ungdommen, har vore utflytta og sett og opplevd, så skal vi helst kome tilbake for å slå oss til ro. Heimkommunen vår treng oss, men kva treng vi?

Eg vil flytte tilbake til ein kommune kvar eg har hatt ein god oppvekst. Ein oppvekst der skulane er av god kvalitet med gode lærarar og godt miljø. Ein oppvekst med tilfredsstillande fritidstilbod som dekkjer ei breidde av interesser slik at der er aktivitetar for alle. Det må vere plass til både idrettslag med forskjellige idrettar, og hobby- og ungdomsklubbar.

  • Kan du love? Still dine spørsmål direkte til politikarane her.

Eg vil flytte tilbake til ein kommune der eg har hatt ein fin barndom, og der eg veit eg vil ha det godt som vaksen. Fritidstilbod for vaksne er også viktig. Der eg skal bu vil eg ha eit tilfredsstillande treningstilbod, og moglegheit til å utnytte dei ressursane kommunen har.

Eg vil ta med meg kart og gå i fjellet på stadar eg aldri har vore. Eg vil ha tilgang på kart over klatrerutene som finnast slik at både eg og andre faktisk kan ta dei i bruk.Eg vil også ha gode vegar og tilgang på offentlege transportmiddel slik at eg kan kome meg trygt rundt. Og dette utan betydelege problem med bussar og ferjer som ikkje korresponderer, og utan at viktige vegar blir stengde i månadsvis.

Vegane i Bremanger er viktige. Eg vil kunne bu der eg vil bu samstundes som eg vil jobbe med noko eg er utdanna til. Vi må kunne pendle. Og for at eg skal ville pendle i Bremanger vil eg helst køyre på vegar som ikkje er holete og der det stort sett er passering.Det viktigaste av alt med staden der eg skal slå meg til ro er likevel arbeid. Eg må bli tilsett i ein jobb som eg vil ha.

Aller helst vil eg ha ein jobb som er relevant innan utdanninga mi. Dette er ikkje alltid lett som nyutdanna, og det ein først og fremst treng er arbeidserfaring sidan bedrifter som tilset vil ha folk med erfaring. Om Bremanger kunne tilby meg opplæring og arbeidserfaring hadde kommunen sendt ut klare signal om at dette er ein plass å vere for ungdom. Eit slikt Bremanger vil eg flytte tilbake til.