Dette innlegget er skrevet av Nils Myklebust, ordførarkandidat for Senterpartiet i Vågsøy. Innlegget sto på trykk i Fjordenes Tidende tirsdag 1. september.

Vågsøy Sp har vore klare og tydelege på at vi vil ha dagens fem barneskular og seks barnehagar.

Dette vart også vedtek i skulebruksplanen våren 2014 av eit stort fleirtal i Vågsøy kommunestyre der Senterpartiet var ein del av fleirtalet, ei plan som skal vare i 10 år.

Vi beklagar derfor at Høgre med ordførar og Ap ved første anledning, som var budsjettbehandlinga for 2015, ikkje klarte å forholda seg til dette, men fremja forslag som innebar nedlegging av Holvik og Bryggja barneskular. Eit forslag om å legge ned ein skule i ei budsjettbehandling er ikkje i tråd med norsk lov, dersom det hadde fått fleirtal ville det vore ulovleg og ville vorte anka inn for Fylkesmannen.

Det er her å merke seg at det fleirtalet som var våren 2014 som var på 16 mot 11 røyster (H og Ap) i kommunestyre no var redusert til 14–13 då to av Venstre sine representantar valte å bryte Venstre sin vallovnad frå valet i 2011. Vågsøy Sp har saman med resten av fleirtalsgruppa ikkje klart å sjå dei innsparingane som Høgre og Ap har påstått.

Fleirtalet har sett på at dersom ein skulle gjere det som H og Ap har villa, så måtte der store investeringar til både i Skavøypoll og på Skram skole og at eventuelle innsparingar ville gått med til auka kapitalkostnader.Så til ei anna moment som for oss i Sp er vesentleg, vi har i Vågsøy gode skulemiljø og gode skuleresultat for elevane, samanlikna med både andre kommunar i fylket og landet elles. Dei som hevdar noko anna, tek kort å godt feil. Vi har god grunn til å vere stolte over dei lærarane vi har i tillegg til foreldra til elevane, det er spesielt dette som vert hevda er mykje av bakgrunnen for at vi kjem så godt ut i fleire undersøkingar.

Det betyr ikkje at ting ikkje kan gjerast endå betre, men vi har ikkje tru på at dette kan gjerast ved å legge ned desse to barneskulane.Vågsøy Senterparti står derfor støtt på det som vi har lova både i førre periode og i programmet for kommande periode. Så Godt val.