Ein videosnutt var nok til at Måløy-jenta Andrea Santiago hamna i studio med to av dei mest kjende popprodusentane i Oslo.

Tidlegare i sommar fekk produsentane og låtskrivarane Andreas Sjo Engen og Marcus Ulstad Nilsen i Beyond51 sjå videoen og inviterte like godt 14-åringen i studio.

– At dei skulle bli så fornøgde var rett og slett ikkje forventa, fortel Andrea etter nokre timar i studioet til duoen, som blant anna skreiv og produserte Stella Mwangis MGP-bidrag «Haba Haba» frå 2011.

– Dei var veldig støttande, og eg følte at vi blei gode vennar med ein gong. Det gjorde meg meir trygg og komfortabel, fortel Måløy-jenta etter ei hendingsrik Oslo-helg.

Videoen som starta det heile gjekk via tanta til Andrea, Anita Santiago Ruiz.

– Ho bad meg sende den til henne. Men eg visste ikkje at den til slutt skulle hamne i Oslo, fortel Andrea.

Stemma til 14-åringen enda nemleg opp hos artistmanager Kari Meyer i kulturbyrået Tam Tam. Ho er ein kjenning av tanta og kjenner også godt til teamet i Beyond51. Dei ville gjerne høyre Andrea synge i studio.

– Ho er berre 14, men stemma framstår som meir vaksen og trygg. Eg fekk rett og slett litt sjokk då eg høyrde Andrea for første gang, seier Meyer.

Andrea har vore med i UKM fleire gonger, og ho har ein songlærar som av og til gir ho jazzlåtar å bryne seg på. Låten på videoen som til slutt hamna hos Beyond51 var imidlertid Meghan Trainor sin kjempehit «All About That Bass».

– I studioet song eg «Titanium» av SIA og «Not About Angels» av Birdy, seier Andrea om to litt krevjande låtar som fekk vist potensialet ytterlegare.

Ho har mange år framfor seg som vokalist, viss det er det ho vil. No er planen å bruke ungdomstida godt, og halde på dei musikalske kontaktane som dukkar opp.

– Vi skal skunde oss langsamt. Det er ingen vits å rushe noko som helst. Dette skal først og fremst vere kjempekjekt og lærerikt, seier Meyer og får støtte av Andrea sjølv.

14-åringen tenker å halde kontakta med produsentduoen i Beyond51.

– Vi har utveksla telefonnummer, og viss eg skal til Oslo nokon gong så skal eg nok besøke studioet igjen, så får vi sjå kva det blir. Kanskje det blir noko stort til slutt?, smiler Andrea.