Både Opplev Bremanger på Havly og Kraftstasjonen i Måløy kastar seg på den tyske oktoberfesten denne helga.

I fjor lagde Opplev Bremanger sin eigen versjon av den populære tyske folkefesten. Grunna stor suksess gjentek dei no oktoberfest, som i år blir laurdag 10. oktober på Havly.

– Det blir ein innhaldsrik kveld med mange av dei viktigaste ingrediensane som ein oktoberfest skal ha, fortel arrangørane. Det blir musikalsk underhaldning frå Bill Both, Bill Troiani og Alexander Pettersen. Opplev Bremanger håper at mange i år som i fjor vil kle seg ut i kostyme.

– Det bidrog til høg stemning og mykje moro, skriv dei.

Også på Kraftstasjonen i Måløy blir det tysk stemning når dei fredag 9. og laurdag 10. oktober arrangerer Oktoberfest.

– Kjølsdalen- og Torskangerpoll musikklag vil spele ompamusikk. Vi griller heile grisar, serverer heimelaga pølser, saltkringler og skiftar stil i lokalet, fortel Bente Iren Vonheim ved Kraftstasjonen. Vonheim fortel om stor interesse og allereie eit utselt arrangement laurdag.

– Det er framleis ledige plassar fredag, seier ho og fortel at ein kan få med seg litt av Oktoberfeststemning på dagtid også.