Namn:Merethe Stave
Alder:45 år
Sivilstatus:singel
Bustad:Oslo, men kjem frå Stadlandet
Yrke:Konsulent - IKT/Prosjektledelse

- Kva er du mest oppteken av?

- Å gjere verda til ein betre stad, gjennom frivilleg arbeid i Røde Kors-gruppa Internasjonal Humanitær Rett. Vi held foredrag om reglar i krig, Genevekonvensjonene med meir til konfirmasjonsgrupper, skuleklasser og andre interesserte. Det er store konflikter verden rundt, så  det er lett å bli overvelda og ikkje heilt vite kva ein sjølv kan bidra med sidan det blir så langt vekke. Men alle kan gjere litt, på kvar sin måte og alle kan vi vere ei motvekt mot alt det vonde. Sidan eg sjølv er så heldig å leve i eit trygt og godt land, ynskjer eg å betale litt tilbake til samfunnet og gjere det eg kan for å bekjempe all vondskapen som kjem med krig og konflikter. Eg likar å prate for det eg brenn for.

- Kva gjer du på fritida?

- Vener og familie får førsteprioritet. Elles likar eg veldig godt å gå tur i skog og mark. I Oslo er det ikkje så mange høge fjell som heime i Sogn og Fjordane/Sunnmørsalpane, men vi har marka relativt nær sentrum. På Stadlandet elskar eg å være ute på havet og fiske eller snorkle. Eg må nok prøve å lære meg surfing etterkvart også. Ellers trenar eg Krav Maga, ei veldig artig og effektiv sjølvforsvarstrening.

- Kven beundrar du?

- Eg beundrar alle dei som jobbar som frivillige, både i lokalsamfunn og i  rundt i verda, og spesielt dei som utset seg sjølv for fare for å hjelpe andre. Det krev ganske mykje både av mot og ei sterk vilje til å hjelpe og ikkje minst hjertevarme for å sette seg sjølv i baksetet og stå på sjølv om det kan være farlig eller det krever meir enn en trur en hadde i seg. Det var difor eg sjølv byrja som frivillig. Eg blei inspirert av flotte rollemodellar. Eg beundrar også dei som har opplevd traumer og vanskeligheiter, men som snur opplevingane til styrke både for seg sjølv og andre.

- Kva er det beste med heimstaden din?

- Kvar skal eg byrje? Alt vil eg no egentleg seie! Men på topp kjem nok folket og naturen. Slik eg opplev folket som bur på Stadlandet, er dei inkluderande, varme, snille og gode. Der er ei god stemning på Stadlandet. Elles er naturen rein og frisk, og eg må puste djupt inn kvar gong eg går ut av bilen «heime». Det er vidunderlig vilt, vakker og fredeleg.

- Kva står på di førsteside av Fjordenes Tidende?

- Topp moderne kaianlegg åpna på Leikanger, Stadlandet.

- Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag?

- Invitert alle barna og tenåringene til å være ordfører saman med meg. Det er viktig å lytte til dei unge, det er dei som er framtida.

- Kva kulturoppleving huskar du best?

- Eg er mildt sagt glad i musikk, så AC-DC-konserten på Valle Hovin i sommar var årets høgdepunkt. På ein anna side av skalaen så var eg og ei tante og såg på Madame Butterfly på Operaen i Oslo, det var også ei fantastisk oppleving.

- Kva har du på nattbordet?

- Der ligg som regel ein heil stabel av ting eg ynskjer å lese.  Akkurat no er det eit par bøker, litt fag, Leading Digital og litt historelesing fra krigens dager: Nådeløse Nordmenn.

- Kva nettstadar er du innom i laupet av ein dag?

- Jobben min er å jobbe med intranet- og samhandlingsløsninger så der er eg fullt oppteken i løpet av dagen. Elles er det Facebook, Twitter, Teknisk Ukeblad og Dagens Næringsliv det går i, også søker eg stadig vekk etter ting på Google. Eg er jo nysgjerrig av natur. Eg er også innom Røde Kors, ulike fagnettsider og dit eg havner litt tilfeldig. Fjordenes Tidende, Fjordingen og Sunnmørsposten får også besøk innimellom, då eg liker å vite kva som skjer på heimlege trakter.

- Kva er meininga med livet?

- Å leve livet heilt ut medan ein har moglegheita, skape gode minner saman med dei ein er glad i, og løfte kvarandre fram her i verda. Vi er her for kvarandre.