Namn:Jørn-Arne Tomasgard
Alder:45 år
Sivilstand:Gift med Kristine, to born
Bustad:Nordfjordeid
Yrke:Sjølvstendig næringsdrivande journalist

- Kva er du mest oppteken av?

- Familie, jobb og fysisk aktivitet. Eg starta eige firma for vel eit år sidan og driv og bygger opp det. Det må skje i balanse med familielivet som er hektisk med to små born på to og fem år. Det er ein fordel å vere i god fysisk form for å finne den balansen. Fysisk velvere gjev psykisk velvere.

- Kva gjer du på fitida?

- Eg trenar så snart eg har ein sjanse til det. Går gjerne ein tur på Fossane eller trenar på Aktiv Trening. Likar å lese aviser, men problemet er å få sitje i fred med små ungar i huset. Det er alltid noko som må ordnast.

- Kven beundrar du?

- Eg beundrar alle som tek ein sjanse og klarer å skape noko. I distrikts-Norge er vi avhengig av at nokon har gode idear og vågar å setje dei ut i livet. Og folk som gjer ueigennyttige ting, til dømes gjev frå seg mykje pengar slik at andre skal få det betre. Fråtsing i rikdom har eg liten sans for.

- Kva er det beste med heimstaden din?

- Kort veg til alt, naturen som er storslagen, og nærleiken til familien.

- Kva står på di førsteside av Fjordenes Tidende?

- 100 nye statlege arbeidsplassar til Nordfjord. Staten reverserer sentraliseringa og satsar i distrikts-Norge.

- Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag?

- Ordna opp i trafikkforholda ved Nordfjordeid skule.

- Kva kulturoppleving hugsar du best?

- OL i Beijing 2008 der eg var som journalist for Bergens Tidende. Det var første gong vesten fekk eit skikkeleg blikk inn i det tidlegare stengde landet. Veldig minnerikt. Storslagent, men også trist med mykje fattigdom og undertrykking.

- Kva har du på nattbordet?

- Vennebyen og Karsten og Petra

- Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

- Eg må vel seie min eigen nettstad, BT.no, E24.no, DN.no, VG.no, dagbladet.no, fjordabladet.no, fjordingen.no, smp.no. og facebook.com. Ofte også fjt.no, men ikkje dagleg. Generelt er eg mykje på nett.

- Kva er meininga med livet?

- Å bruke evnene sine synes eg er ei meining med livet. Å få familie med born som ein kan forsøke å lære gode verdiar har gjeve livet mitt meining.