Årets hovedproduksjon ved Opera Nordfjord er over, og neste års storsatsning er allereie bestemt.

– Om eitt år prøver Opera Nordfjord seg på eitt av meisterverka i operalitteraturen, Rosenkavaleren av Richard Strauss, heiter det i ei pressemelding.

– Vi har servert opplevingar av internasjonal kvalitet på Eid i Nordfjord. Det er egentlig naturstridig, men viser at magi kan oppstå når gode krefter kjem saman. Eg vil takke alle dei frivillige som nok ein gang har lagt ned ein imponerande innsats, seier operasjef Kari Standal Pavelich.

Maskeballet er eit samarbeid med Nasjonaloperaen og no er kostyme, kulissar og parykkar pakka ned i sine respektive kasser merka Den Norske Opera& Ballett og er på veg tilbake til Bjørvika.

– Samarbeidert har vore knirkefritt, lærerikt og svært hyggeleg, seier Pavelich. Ho er i full gang med å planlegge nye produksjonar.

Hovudproduksjonen i 2016 vert Rosenkavaleren av Richard Strauss. Den har premiere onsdag 5. oktober.

– Solistlaget er allereie langt på veg klart, med Ditte Højgaard Andersen som Sophie, Ann-Helen Moen som Marschalin, Angelica Voje som Octavian, Trond Halstein Moe som Faninal,  Ketil Hugaas som Baron Ochs og Thomas Ruud som den italienske tenoren, seier ho.

Med seg har dei eit kunstnariske team samansett av regissør Ronald Rørvik, dirigent Michael Pavelich, scenograf Sunniva Bodvin, kostymedesignar Anne Gotaas og lysdesignar Hans-Åke Sjöquist.

Men før operahuset kjem så langt vert det fleire musikalske opplevingar for publikum. Så fort Maskeballet er ute av dørene gjer ein seg klare til ny premiere om knapt tre veker. Familiemusikalen The Sound of Music har nemleg premiere i Operahuset Nordfjord 30.oktober.

– Dei tre framsyningane er snart utselde, så her må ein vere om seg, seier Pavelich.