Medlemmane i Nordfjord lappe- og quilteklubb, f.v. Rigmor Kvalheim (Raudeberg), Aud Leirvik (Svelgen), Kari Holvik Tellevik (Måløy), Haldis Lindset Nesbakk (Eid), Jette Hansen (Danmark), Eli Kriken (Hornindal), Anne Grete Andersen (Danmark), Anne Marie Holsvik (Stryn), Signy-Alise Kvitnes Halle (Sande i Møre og Romsdal), Anne-Marit Ripe Daviknes (Eid).

            (Foto:  JØRN-ARNE TOMASGARD)

Medlemmane i Nordfjord lappe- og quilteklubb, f.v. Rigmor Kvalheim (Raudeberg), Aud Leirvik (Svelgen), Kari Holvik Tellevik (Måløy), Haldis Lindset Nesbakk (Eid), Jette Hansen (Danmark), Eli Kriken (Hornindal), Anne Grete Andersen (Danmark), Anne Marie Holsvik (Stryn), Signy-Alise Kvitnes Halle (Sande i Møre og Romsdal), Anne-Marit Ripe Daviknes (Eid). Foto: JØRN-ARNE TOMASGARD

Haldis Lindset Nesbakk laga desse små kunststykka.

Haldis Lindset Nesbakk laga desse små kunststykka.

Inger Starheim frå Stårheim vann ei av to symaskiner som var lodda ut på Vestlandstreffet i quilting på Eid i helga. – Ei inspirerande og sosial helg der vi trefte likesinna, seier ho.

Inger Starheim frå Stårheim vann ei av to symaskiner som var lodda ut på Vestlandstreffet i quilting på Eid i helga. – Ei inspirerande og sosial helg der vi trefte likesinna, seier ho.

Ingun Vaksdal på Primula Design hadde ei hektisk helg med stor omsetnad. Her i samtale med kunde Signe-Andrea Henden frå Sogndal.

Ingun Vaksdal på Primula Design hadde ei hektisk helg med stor omsetnad. Her i samtale med kunde Signe-Andrea Henden frå Sogndal.

Kakepynt forma som trådsnelle fall naturleg inn.

Kakepynt forma som trådsnelle fall naturleg inn.

Aud Leirvik frå Svelgen med produktet ho laga i helga – ei lommebok.

Aud Leirvik frå Svelgen med produktet ho laga i helga – ei lommebok.

1 / 6

Fekk litt av ei helg på quiltefestival

Inger Starheim kunne smile breiare enn dei fleste etter quiltefestivalen på Eid i helga.

– Litt av ei helg, fastslår stårheimaren der ho står med ein av hovudgevinstane i loddtrekninga, ei ny symaskin til 7.000 kroner.

Det verka som ho hadde dei andre 200 kvinnene på Vestlandstreffet med seg i oppsummeringa. For det var berre smil å sjå, og godord å høyre. Inspirerande, lærerikt og sosialt, var ord som gjekk att på Eid ungdomsskule der treffet vart skipa til fredag til søndag for tredje gong.

– Inspirerande med så mange damer med same interesse samla. Og sjølvsagt lærerikt å vere med på kurs. Eg har brukt mykje pengar, men no trur eg at eg er i pluss, seier Starheim med symaskina i handa.

Kurshaldarar frå utlandet

Det kom kurshaldarar frå Sverige og Danmark i tillegg til Noreg. Det vart mellom anna laga teppe, lommebøker, nåleputer og vesker. Definisjonen på å quilte er å sy to eller fleire lappar saman til ein større kreasjon. Leiar i arrangørklubben Nordfjord lappe- og quilteklubb, Anne Marie Holsvik, brukar ordet kunst om aktiviteten.

– Mange av oss lagar bilete. Eg vil seie det er ei kunstform, seier ho.

Klubben har 50 medlemmer frå 10 kommunar. Dei har fast treff på Eid ein gong i månaden, i tillegg reiser mange frå ytre til Åheim ein gong i månaden på treff. Leiaren reknar med at arrangementet går i pluss slik at dei har pengar å drifte den aktive klubben for.

Ei hektisk helg

Nokon som både var slitne og nøgde søndag ettermiddag, var Ingun Vaksdal hjå Primula Design og Siv Englund Smørdal på Lappestua. Begge butikkane held til vanleg til i Eidsgata, no var dei flytta til festivalen.

– Ei veldig stor helg for meg. Både inspirerande og innbringande, seier Vaksdal.

– Hektisk. Mange glade damer som har vore flinke å bruke pengar, seier Englund Smørdal og fortel at det er stor interesse for stoff, tilbehøyr og utstyr i miljøet, og at det er betalingsvilje om ein finn noko ein vil ha.

Symaskinseljar June Enerstad stadfestar at quiltarane er litt «utstyrsfreakar». Ho hadde med seg ei broderingsmaskin til 68.000. Det er i praksis ei maskin ein kan programmere til å sy alt mogleg.

– Det er mange som har sett kva dei skal drøyme om framover, fortel ho.

Meir å lese på Fjordenes Tidende:
 
Leses nå