Bente-Helen Schei frå Svelgen la ut nokre bilete på Instagram av flettene ho hadde laga på døtrene sine. Lite visste ho at det skulle resultere i eit levebrød.

Det starta i 2013 med nokre fletter ho laga på dei fire døtrene sine. Bente-Helen Schei frå Svelgen sin flettesuksess har resultert i bokutgivingar, eigen YouTube-kanal, kurs og foredrag, miniseriar i VG og ein fulltidsjobb som eigen sjef.

Fletteeventyret

– Det starta jo nærmast med eit pang, flirer Bente-Helen om starten på eventyret.

Etter å ha sett ein tutorial på fiskebeinsfletta, blei Bente-Helen biten av basillen. Ho fletta og fletta kvar einaste dag, nye variantar og spennande vriar.

– Det starta enkelt, men eg synest det er kjekt å eksperimentere, fastslår ho. Saman med ei venninne kom dei i snakk om at Bente-Helen måtte vise fram dei ulike flettene ho hadde laga på dei fire døtrene sine nærmast dagleg det siste halvåret.

– Instagram-kontoen min starta eg 15. august. Eg trudde aldri eg skulle få det til, eg visste ikkje kva ein hashtag var ein gong. Men eg valde å lage ein konto for å vise det fram til dei eg kjende. Og eg sjølv vart jo så fornøgd med mine 30 følgjarar, seier ho med eit smil.

I dag er det over 141.000 som dagleg ser flettene til Bente-Helen.

– Det er heilt fantastisk at hobbyen min blei til ein jobb.

To på under eitt år

Bente-Helen har alltid vore kreativ, og har sydd alt frå kleder til pennal til borna. No får ho utnytta kreativiteten i flettene. Flettinga starta i mammapermisjonen til minste- dottera, Ella. Den fyrste veka tilbake i jobben hos barnevernet i Bergen, kom tilbodet om å skrive den første boka.

– Det var eit lite eventyr. Eg trur ikkje det har gått heilt opp for meg enno.

Ei bok vart til to, og det på berre ti månadar.

– Mange meinte det var for snevert, men Forlaget Press likte ideen. Det var mykje jobb og intense månadar. Med den store interessa og suksessen, valde Bente-Helen å seie opp jobben i barnevernet. No skal ho fokusere på framtida som sjef i sitt eige selskap.

– No skal eg finne ut kor vegen går. Eg har mellom anna starta ein YouTube-kanal. Eg er heilt fersk, så eg får sjå korleis det går, fortel bremangerdama om planane.

Så lenge interessa og gleda er der, vil Bente-Helen halde fram med flettinga.

– Eg likar å gi meg sjølv utfordringar.

Ufarleggjer samtalane

I tillegg til Instagram, YouTube-kanal og bøker, har Bente-Helen hatt tallause flettekurs i Hordaland.

– Det er veldig koselege mor og dotter-kveldar og venninne-kveldar, fortel ho.

Bente-Helen understrekar derimot at ei flette ikkje berre er ei flette.

– Det er eit gamalt handverk og ei kjærleikshandling. Eg er oppteken av relasjonar, og ein når ofte ut til ungdom når ein flettar, seier Bente-Helen og forklarer at tenåringar ofte kan føle at det er vanskeleg å opne seg når ein ser rett på ein person.

– Å flette ufarleggjer det, og gir ei flott tid saman, meiner ho.

Mange trur nok at fletter er ein kunst, men Bente-Helen seier at det ser mykje vanskelegare ut enn det faktisk er.

– Det er utruleg lett og noko alle kan klare. Det har eg prøvd å få fram i bøkene. Å klare det gir for mange ei meistringskjensle.