Tidene har endra seg frå dei dagane då musikantane øvde med oskebegeret på notestativet. Men 95 år etter at Torskangerpoll Musikklag blei til er det sosiale framleis ei stor drivkraft.

– Det var den gongen det ikkje var røykeforbod, og alle sat med oskebeger på notestativa. Så kveikte ein seg ein røyk når det var ledig tid, seier leiar i musikklaget Johan Wåge.

– No driv vi ikkje med det lenger. Men alle slags folk er framleis med, alle slags yrkesgrupper. Vi er eit lite samfunn.

– Blir det eit spesielt vennskap i korps?

– Eg trur det. Spesielt når ein er ute og fartar. Det er sosialt og kjekt, og alder betyr lite. Vi møtest på likt nivå i musikken.

Første korpskvinne

Dei er ikkje det eldste korpset i Vågsøy, men dei var det første korpset i Nordfjord som fekk med ein kvinneleg musikant.

– Ja, i 1959 begynte Sigrid Torskangerpoll. Første gongen ho var med på speling inne i fjorden gjorde folk store auge. Og Sigrid var lenge den einaste kvinna som var tilslutta Nordfjord Musikkrins, seier Wåge.

Sjølve korpset blei stifta i 1920 av ein gjeng på åtte menn som ønskte å ha noko felles.

– Dei hadde lyst å møtest. Dei var musikkinteresserte og hadde høyrt om at det fantest korps andre stader, fortel Wåge, om mennene som alle var frå Torskangerpoll og bygdene rundt.

Måtte merke instrumenta

Lyst å spele hadde dei, men kunne verken notar eller kjende til instrument. Så då dei brukte 1.600 kroner, som var mykje pengar i 1920, på ti nye instrument, bad dei musikkforhandlaren merka instrumenta med namn og skrive ei lita bruksanvising for dei.

Dei møttest til øving på loftet på Gravdal skule, eit rom med skråtak som var ope ut under, så gjengen på åtte måtte øve godt påkledde.

– Ingvald Færestrand var den av dei som var litt notekyndig, og kunne spele litt orgel, så det var naturleg at han blei leiar og dirigent for musikklaget i starten, seier Wåge.

Då han emigrerte til USA tre år seinare tok Isak Torskangerpoll over. Han hadde erfaring frå divisjonsmusikken i Bergen. Då han slutta i 1949, tok sonen Arne Torskangerpoll over, og berre med eitt lite avbrekk, dirigerte han korpset heilt til 1999. I heile 50 år.

– Han gjorde ein stor jobb og hadde ein enorm produksjon med å skrive og legge til rette musikken. Han laga mange arrangement og komponerte mange melodiar, seier Wåge og legg til:

– Kom der ein ny Grand Prix-melodi, hadde vi den med nytt arrangement i korpset veka etterpå. Ein Bisschen Frieden kom dagen etterpå.

Dei siste åra har Lisbeth Våge vore dirigent for korpset.

– Vi set stor pris på ho.

Folk blir i korpset

På dei siste 95 åra har Torskangerpoll Musikklag vore med på masse. Dei har skapt Stormfestivalen som dei gjentek kvart tredje år, og vunne NM i brass i sin divisjon to gongar.

– Å bli nummer ein var eit veldig høgdepunkt for meg, men det er tøft å vere med også. Det krev mykje øving, på ein type musikk som kanskje ikkje er like publikumsvennleg. Så vi taper litt øving på bruksmusikk som er det folket likar, seier Wåge som likevel rosar styret for å legge opp til eit øvings- og førestillingsskjema som gjer det kjekt utan at det blir for hektisk for folk.

– Mange har lang fartstid, og dei som er blitt med blir. Det er mykje vaksne folk, og så lenge ein har ein så kjekk hobby, så tar ein ikkje sjansen på å slutte.