Elvis Presley ville i år fylt 80 år. No går tre norske artistar saman for å gjenskape de magiske musikalske opplevingane som Elvis gav.

Laurdag 7. november kjem Paal Flaata, Vidar Busk og Stephen Ackles til Nordfjordhallen med sine tolkingar av Elvis. I løpet av showet i Nordfjordhallen blir det i nærmare to timer eit gjenhør med cirka 40 av de mest populære innspelingane Elvis gjorde før han gjekk bort i 1977. Flaata, Busk og Ackles skulle opphavleg berre ha 15 show.

Men interessa for Elvis-showet blei så stor at mengda no har økt til 60. Under showet blir historia om Elvis fortalt av radioveteranen Tor Andersen. – Eg lover høg kvalitet. Dei sel fulle hus over heile Norge, seier Ronny Silden Totland i Nordfjordhallen, som forventar eit bra show.

– Og vi lagar litt stemning med pub både før showet og i pausen, seier han.