Namn:Kim Ronny Nygård
Alder:42 år
Adresse:Kalvåg
Sivilstatus:gift
Yrke:ufør
Aktuell med:starta opp Kalvåg Biljard og Dart Klubb med hjelp frå kommunen og idrettslaget. Arrangerer amatørturnering laurdag 14. november

– Kven er turneringa for?

– Den er for absolutt alle. Det er ei amatørturnering, der klubben får trene, ein får vist fram idretten og fleire blir interessert i den.

– Kva skjer under turneringa?

– Det kjem litt an på kor mange som kjem. Men det blir ikkje grupper, det blir litt vanskeleg ettersom vi berre har to bord, dessverre.

– Har dykk hatt turneringar før?

– Dette blir andre turnering hos oss, og fyrste turneringa var for to veker sidan. Det gjekk veldig bra, og vi var elleve deltakarar, noko vi var fornøgd med. Og vi håper det kjem fleire no.

– Korleis har det gått sidan opninga av Kalvåg Biljard og Dart Klubb?

– Det har gått over all forventning. Ein månad etter vi opna hadde vi 50 medlemmar. Og det er ikkje verst. Eg hadde ikkje forventa at så mange ville bli med så tidleg, og det beviser at ein treng dette i bygda. Vi har fått gode tilbakemeldingar sidan oppstart.

– Kvifor ville du opne staden?

– Den offisielle opninga var i oktober, men ideen kom vel for to år sidan. Eg tenkte at eg måtte ha noko å gjere på, men staden er ope for alle. Dei offisielle opningsdagane er tysdag, torsdag, fredag, laurdag og søndag. Men er lysa på måndag og onsdag, så kjem folk innom. Og det er veldig kjekt.

– Kven passar biljard for?

– Nei, det er alle! Ein treng ikkje noko forkunnskap eller noko. Det er berre å kome innom, så vil eg vise korleis ein gjer det. Somme tek det enkelt, andre tykkjer det er litt vanskelegare. For det er litt krevjande, og ein må bruke hovudet.

– Har du nokre gode tips til dei som vil byrja?– Det må vere tolmod og å vere roleg. Eg har merka at mange nye i biljard brukar mykje muskelkraft. Men det krevst ikkje mykje krefter for å skyve ballane. Når ein roar seg ned, så går det mykje betre.

– Skjer det meir spennande ting framover hos dykk?

– Vi kjem til å ha ei ny turnering om to veker. Vi vil forsøke å ha turneringar kvar 14. dag. I tillegg tenker vi å ha ei større turnering i romjula og på nyåret.