Frøya kyrkje har stått på Frøyalandet i 150 år, og det har Paul Ragnar Frøyen skrive bok om. Boka blir presentert på bokslepp i Kalvåg fredag.

I samband med 150-årsjubileet for kyrkja var det soknerådet som tok initiativet til boka, og dei er svært nøgde med resultatet.

– Paul Ragnar Frøyen har gjort ein kjempejobb. Han har saumfart arkiva og funne fram til mykje interessant stoff, heilt tilbake til den første kyrkja på Grotle, seier Dagfinn Belseth, leiar i soknerådet.

Frøya kyrkje vart teke i bruk i desember 1865, men debatten om flytting av kyrkja frå Grotle kom først opp i 1694. Då ville folk i Gulen at kyrkja skulle flyttast til ein meir sentral stad i soknet. Det vart ikkje noko av det den gongen, heller ikkje på 1740-talet då spørsmålet om flytting av kyrkja kom opp på nytt. Kyrkja vart ståande på Grotle i vel hundre år til, heilt til flytting igjen vart aktuelt på1860-talet.

Då var det spesielt dei som budde på sørsida av Frøysjøen som ville ha kyrkja til Frøya. Det gjekk det raskt å vedta flytting, og kyrkja stod ferdig på Frøyalandet i 1865.Dette, og 150 år med kyrkjehistorie, er utførleg omtalt i boka til Paul Ragnar Frøyen, som Selja forlag gir ut.