I år prøver Kystmuseet seg for første gang med aktivitet på Vågsberget i vintersesongen. Utstillinga Vikin(g)ull opnar fredag 27. november.

– Vi håpar det vil bli godt motteke, skriv Kystmuseet sin formidlingsleiar Anne Bakke.

Kystmuseeet har kalla førjulsutstillinga Viking(g)ull.

– Det fulle namnet er «North Atlantic Native Sheep and Wool». Den er laga av representantar frå Noreg, Shetland, Orknøyane, Færøyane, Island, Grønland, Hebridane og Isle of Man, der Karin Flatøy Svarstad er med frå Noreg. Ho kjem til opninga og fortel meir om skatten etter vikingane. For meir enn tusen år sidan drog dei norske vikingane vestover og busette seg på øyane i Nord-Atlanteren. Med seg hadde dei mellom anna sauer av det slag vi no kallar gammalnorsk sau. På kvar stad vart sauene med tida tilpassa natur- tilhøva kring seg, og i dag har samfunna kvar sine sauestammar med spesielle eigenskapar. Kvar stad har også utvikla sine teknikkar for å framstille ull-produkt. I utstillinga vert ein kjend med både sauene, ull-kvalitetane og typiske produkt frå kvar stad. Det er eit stort spenn frå det verdskjende stoffet Harris Tweed til norske raggsokkar, fortel Bakke.