Namn:Terje Slagnes
Alder:30 år
Sivilstand:sambuar, to born
Bustad:Åheim
Yrke:prosessoperatør hos Sibelco Europa, Åheim

- Kva er du mest oppteken av?

- Familien min og huset vårt, fotball og fiske.

- Kva gjer du på fritida?

- Brukar tid saman med ungane, steller til ute rundt huset, fiskar, går på fjellet og liknande aktivitetar.

- Kven beundrar du?

- Sambuaren min Stine. Ei fantastisk dame på alle moglege måtar.

- Kva er det beste med heimstaden din?

- Det må vere naturen vår. Fantastisk med sjø og holmar, elvar, flotte fjell og fiskevatn.

- Kva står på di førsteside av Fjordenes Tidende?

- Terje Slagnes tok tidenes største laks i Eidselva.

- Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag?

- Tungt spørsmål for ein som ikkje har så stor interesse for politikken. Sidan eg bur i Vanylven, så hadde eg nok kjempa for å få to faste ambulanser igjen i kommunen. Per i dag har det blitt slik at vi berre har ei ambulanse på ei enormt stor kommune i utstrekning. Når den er i bruk, har Sande kommune beredskap til Vanylven, men ein må då ta ferge over Årvik/Koparnes. Eg fryktar at konsekvensane kan bli store den dagen ferga får motorstopp og ambulansa ikkje når fram i tide.

- Kva kulturoppleving huskar du best?

- Hultsfredfestivalen i Sverige.

- Kva har du på nattbordet?

- Lampe, babycall, mobilen og eit glas vatn.

- Kva nettstadar er du innom i laupet av ein dag?

- VG, Yr.no, hotmail, Facebook.

- Kva er meininga med livet?

- Meininga med livet er å få seg eigen familie, å kunne stå på eigne bein. Og sjølvsagt gjere det aller beste for at ungane skal ha det godt.