Namn:Trond Strand
Alder:42 år
Adresse:Kalvåg
Sivilstatus:sambuar
Hobby:villsau, fiske og vin
Aktuell med:dirigent for Bremanger Musikklag som held julekonsert i Bremanger kyrkje no på laurdag.

– Kor lenge har julekonsertane vore ein tradisjon?

– Vi begynte vel med det for snart åtte år sidan, og så har vi konsert cirka annakvart år.

– Kva slags konsert er dette?

– Det er ein julekonsert med blanding av amerikanske og skandinaviske julesongar. Det heile starta med at vi tenkte at vi skulle lage amerikansk jul, men så var det så mange fine norske songar som vi berre måtta ha med. Så då blei det blanding. Både nissen og Jesus er med, kan du seie.

– Er det ein så fast tradisjon at ein speler dei same songane kvar gong, eller er det variasjon?

– Vi har ein stamme av songar som vi har med oss, men det er også ein fem-seks nye songar. Så det blir ein del nytt.

– Har de med solistar i år?

– Ja, både gamle og nye. Vi prøver å plukke opp nye talent, så i år har vi med oss Oline Strand Senneset som er 12 år, og Jim Steven Igland som går første klasse på vidaregåande. Det er lang tradisjon for musikklaget at dei eldre tar med seg dei yngre og speler i lag.

– Og så er det eit par solistar vi har høyrt frå før også?

– Ja, dei andre solistane er Hilde Hauge, Elisabeth Solbakken og Trond Strand – altså meg sjølv.

– Kva song vil du trekke fram som eit høgdepunkt?

– Det er veldig kjekt når ho på 12 syng, for det blir så fint.

– Kan du gi nokre eksempel på andre songar som vil bli framført på konserten?

– Vi skal mellom anna synge Mitt hjerte alltid vanker, White Christmas, Let it Snow, Himmel på jord og Et lys imot mørketida.

– Korleis vel de ut songane?

– Vi har eit musikalsk utval, men det handlar også litt om kva slags arrangement som er på marknaden, kva som finst av korpsarrangement. Og så kva vi sjølve synest er fine songar. Og eg har siste ord sjølvsagt!

– 2016 er jubileumsår for Bremanger Musikklag, 20 år sidan oppstart. Har de spennande planer de kan dele med oss?

– Vi skal få med oss alt av musikarar, dirigentar, songarar og bandmedlemmer og lage til ein heidundrandes konsert der vi tar for oss heilskapen for heile musikklaget sin karriere. Alle høgdepunkta. Og så blir det ein etterfølgande aftan. Vi veit enno ikkje om vi kjem til å reise med den konserten, men det blir i alle fall konsert i Bremangerhallen på hausten.

– Noko meir som skjer i jubileumsåret?

– Vi skal truleg også vere med på vandreteateret Der Båra Bryt. Dei skriv musikk no.