Kulturskulelærar og musikar Kristian Haugen inviterer til konsert i Gamlebanken på Eid søndag.

Han gav nyleg ut debutalbumet «Lat meg synge deg ein voggesong», som inneheld 13 sjølvskrivne viser.

– Ein treng musikk til ulike tidspunkt, og dette er viser med piff av både pop og rock, fortel han. Til dagleg underviser Kristian i gitar på kulturskulane både på Eid, i Stryn og i heimbygda Hornindal.

– Det er kjekt å lære vidare. Kultur er viktig. Her er mykje flinke folk og mange talent, seier han.

– Kristian har fleire konsertar bak seg, og vart blant anna som ein av ti artistar plukka ut til å spele på bransjetreffet for Sogn og Fjordane og Hordaland – Blest 2015 – for to veker sidan. Musikk er viktig for meg. Det er stort sett det eg driv med, døgnet rundt, fortel han.

Allereie i oppveksten drøymde han om å opptre, lage musikk, og skape noko.Søndag er han klar med konsert i Gamlebanken. Med strengar og røyst, kombinert med nynorske tekstar, framfører Kristian låtar frå sitt musikalske univers.

– Eg set pris på at folk vil høyre på musikken min.