Namn:Sofie Hove
Alder:19 år
Sivilstatus:singel
Bustad:Selje
Yrke:nyleg dimmitert frå militæret

- Kva er du mest oppteken av?

- Eg er mest oppteken av fotball og vere saman med gode vener. Fotball er ein nydeleg sport som skapar gode miljø og ikkje minst stor glede.

- Kva gjer du på fritida?

- Eg er trenar for Selje J14, går på fjellet og er saman med vener.

- Kven beundrar du?

- Eg beundrar foreldra mine.

- Kva er det beste med heimstaden din?

- Naturen og samhaldet i bygda.

- Kva står på di førsteside av Fjordenes Tidene?

- Selje har fått midlar frå norsk tipping til å byggje idrettshall.

- Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag?

- Gitt ei rose og heidra alle dei som gjer ein frivillig jobb for dei ulike organisasjona i kommunen vår.

- Kva kulturoppleving hugsar du best?

- Det er definiftivt Selje Cup.

- Kva har du på nattbordet?

- Mobilen min.

- Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

- VG, Dagbladet, sosiale medium og Haugen fotball.

- Kva er meininga med livet?

- Opplevingar.