I desember skal vi dele ut julestjerner og skrive om nokon som fortener ein takk eller ei lita oppmuntring.

Vi treng di hjelp til å finne nokre av dei som gjer ein innsats utanom det vanlege.

Tips oss om eldsjeler, hjelpsame naboar, eller nokon som treng ei hyggjeleg blomsterhelsing.

Skriv nokre linjer om kvifor akkurat din kandidat bør få eit besøk frå avisa.