I kvar fredagsutgåve av Fjordenes Tidende har vi spalta Fort sagt. Her er det Merete Storøy (43) frå Rugsund som fortel om den komande konserten med Flora-Bremanger Brassband i Svelgen Samfunnshus 2. januar.

  • Ønskjer du at vi skal skrive om ditt arrangement? Tips oss på fjt@fjt.no

– Kva skjer på nyttårskonserten?

– Nyttårskonserten i Svelgen har blitt ein tradisjon, og vi har hatt litt likt konsept heile tida. Vi prøver å ha litt pomp og prakt, litt musserande drikke og kanapéar når gjestane kjem. Så prøver vi òg å ha ulike aktørar frå år til år, der vi trekkjer inn kulturlivet frå heile kommunen. Svelgen skulemusikk har vore fast med oss som aktør sidan vi byrja. Det er for at vi kanskje kan vere motiverande for dei. I år har vi også med oss Laila B., Freeman og Bremanger Mannsangforening, og kultursjefen i Bremanger vert konferansier.

– Kva vil vi få høyre?

– Vi skal jo til NM i Bergen i februar, så vi kjem til å spele NM-stykket vårt, Firestone. I tillegg blir det fleire solistinnslag med lokale musikarar frå Bremanger som skal spele solo. Det blir mykje forskjellig musikk.

Les også:

– Korleis trur du konserten blir?

– Eg trur at med eit såpass variert program i forhold til både artistar, skulekorps, mannskor, Laila Beathe med sin musikkstil, så trur eg at vi vil få eit veldig variert innhald på konserten.

– Kor lenge har de planlagt den?

– Vi har planlagt ei god stund, men det er godt innarbeidd korleis vi bygger opp helga. Vi starta organiseringa i september, og alt har gått etter planen. Vi ser at uansett kor tidleg vi byrjar, så er det ting som må gjerast mot slutten, som å finpusse programmet. Vi bruker helga til å øve til NM. Vi har konserten på laurdag, ryddar opp etterpå og fortset søndag med oppkøyringa til NM. Så har vi to helgar til i januar som skal brukast til å øve til Noregsmeisterskapen.

– Korleis har det gått tidlegare i NM for dykk?

– Vi har fått varierande resultat, stort sett godt. Så spørst det sjølvsagt kva stykke vi vel å spele. Av og til vel vi litt vanskelegare stykke for å utvikle oss, og då tek vi sjansar. Då satsar vi ikkje på å nå toppen, men å utvikle bandet. Korleis det går i år, er ikkje godt å seie. Det viktigaste for oss er å gjere det best mogleg, og at vi skal vere fornøgd med eigen innsats.