Denne teksten er skrevet av elevar ved Kolset oppvekst, 5.-7. klasse. Bilda er tatt av Ida Bortne Hagevik og Kristoffer Storøy Bortne.

Mat og aktivitetar på juleverkstaden på Kolset Skule.

Den 15. Desember 2015 kl 12.30 opna Kolset skule dørene for juleverkstad  atter ein gong. På Kolset oppvekst sin juleverkstad i Rugsund er det kjekt for både store og små. Her finn du aktivitetar, mat og leikar som passar for alle.

Årsaka til at Kolset oppvekst held  juleverkstad, er at fordi at barn og vaksne skal vere saman og gjere aktivitetar saman i denne travle desember månaden.

Det var ein kjekk dag, fortel barna og voksne som deltok i arrangementet.

Det var mange postar. Like mange som i fjor og vi hadde betre tid på kvar post. I tilegg til dette hadde elvane moglegheit til å invitere med seg familier, som viste seg å verte gode hjelperar under kvar post.

Les også:

Ungane i 5-7 klasse synest  det var veldig kjekke postar. Det var underholdane for både store og små. Spesielt ein post var gangske populer, nemleg julbakstposten. Der lagde vi peparkake, tørre vaffle og serina kake.

– Sjølv om skulen berre består av 15 elevar, kom der mange på besøk for å delta på årets juleverkstad. På slutten av dagen samla elevar og familen seg i gymsalen og vi var så mange at nesten alle julekakene vart oppetne. Maten smakte veldig godt men det vi likte best var tørre vaffler, seier Katrine Storøy.

Alt det andre var også veldig godt.